10 - Kystbasen

Foto: Pål Bentdal

(Foto: Pål Bentdal)

Verdas største anlegg for undersjøisk robotindustri:

4.000 arbeidsplassar i dag – 6.000 før 2018

Få stader har «den tredje industrielle revolusjonen» ført til så dramatiske endringar som på Sotra, øyriket utanfor Bergen. Dei tre strilekommunane Sund, Fjell og Øygarden har gjort eit sprang direkte frå kystfiske- og småbrukarsamfunn til høgteknologisk industri i verdsklasse. Det største anlegget på øyane er Kystbasen på Ågotnes. Der arbeider det til dagleg omlag fire tusen menneske – i prosjektperiodar kryp det tidvis opp mot seks tusen. Prognosane peikar mot seks tusen faste arbeidsplassar innan dei fire neste åra.

Teknologi:

Basen vart starta i 1977 som ein vedlikehalds- og forsyningsbase for oljeverksemda i Nordsjøen. Dette er framleis eit viktig bein, men dei største brukarane melde nyleg at dei vil trappe ned dette framover, og konsentrere verksemder innan utvikling, drift og vedlikehald av undersjøiske installasjonar frå Ågotnes.

«Subsea-marknaden» er den som veks raskast innan oljeverksemd til havs. Ågotnes er størst i verda på utvikling, vedlikehald og klassing (sikringskontrollar) av olje- og gassutvinningsutstyr og undersjøiske LNG-fabrikkar.

Struktur

Basen er organisert svært ulikt tradisjonell industri. Dei fire tusen arbeidsplassane er fordelte mellom tett på tre hundre ulike firma. Statoil, Aker Solutions og FMC Technologies er dei største. 62 mindre verksemder er saman med dei «innafor gjerdet» på sjølve basen, medan omlag 230 verksemder har etablert seg vegg i vegg – men utanfor gjerdet.

- Dei konkurrerer – og dei samarbeider, seier marknadsjef Arne Aarvik i CCB, eigedomsselskapet som leiger ut kaianlegg, bygg og fellestenester til alle brukarane. Den flate strukturen fungerer godt, takk vere mellom anna regelmessige dialogmøter med leigarane, sier han.

Behov

Han skryt av lokalpolitikarane: Dei stiller opp – no arbeider dei på spreng for å bygge ein by – Sotra Kystby – for å hjelpe til å lokke arbeidskraft. Litt meir kjøleg er han til Bergenspolitikarane: Dei ser ikkje ut til å forstå kor sårbart industrimiljøet på Sotra er fordi all trafikk må over ei einastebru. Og i rikspolitikken saknar han satsing på utdanning av fagfolk og kunnskapsmiljø innan tekniske fag.

Kva hender når olja tek slutt?

I Nordsjøen ser det ut til å bli lenger og lenger til, for det kjem heile tida ny teknologi som gjer at gamle brunnar vert opna att. Men viktigast er at me har heile verda som marknad. Så lenge det skal arbeidas på havbotnen, kjem Ågotnes til å bløme – sjølv om Nordsjøen går tom for olje.

Kjeldestoff;

09.1 - Coast Center Base, Ågotnes - http://ccb.no/

130 verksemder med omlag 1.600 årsverk bygd opp gjennom ein snau generasjon på eit område som tradisjonelt har vore eit fiskar- og småbondesamfunn. No er aktiviteten blitt så stort at det har snudd trafikkstraumane i Bergensområdet: Trykket går no UT av byen om morgonen - til Sotra. Fleire og fleire flyttar ut der - og det veks fram ein ny by som no skal få sitt nye sentrum - sjå http://sotrakystby.no/about.php

I dette miljøet vil me kunne finne eit godt døme på "den nye arbeidaren" - historia om basen og den nye byen er også "nye" for eit nasjonalt publikum.

8.6. Nye byar veks fram

Aktuell reportasje: Ågotnes, Fjell Kommune på Sotra:

  • 1600 nye arbeidsplassar i 130 verksemder innafor og rundt Cast Center Base Framleis sterk vekst

  • Her veks det fram ein ny by - "Sotra Kystby" - som i all hovudsak er bygd på dei nye industriane

  • Vest Næringsråd er har nettsider som samlar informasjonar om utvikling og visjonar

Research: Tysdag 28. januar - heile dagen.