04 - Odda - Tyssedal
Odda sentrum med Smelteverket. Attom - på andre sida av fjorden: Boliden ("Zinken")
Odda er vel den historia som er så klassisk at ho nesten er disklvalifiserande: Bortsett frå at den evig repeterte forteljinga om Smelteverket som vart lagt ned og verna av UNECO som minne om gamal industri stort sett alltid gløymer å nemne at Odda framleis er ein høgst levande industristad. med Boliden som den største tradisjonelle verksemda - og mange nye som bevis på teorien om industri og fornying. Sjå m.a. her
(Boliden i front. Attom - på andre sida av fjorden - Tizir Tyssedal)
Smelteverket inne i sentrum vart lagt ned i 2011, og det har gått ein lang strid om det skal bevarast som kulturminne eller rivast. Dette er kjelda til myten om at Odda no er symbolet på industridød. Men industrien i Odda lever godt - sjølv om talet på arbeidsplassar har gått ned der som i annan metallurgisk industri. Løfter ein blikket frå sentrum og ser uit etter fjorden ser ein fyrtst Boliden - eller "Zinken" som han heiter på folkemunne - og endå litt lenger ute ser ein Tyssedal med den gamle kraftstasjonen og fabrikken som no heiter Tizir.
Tizir Tyssedal har planar å investere 6 milliardar kroner og auke med 100 arbeidsplassar i Tyssedal.
Nettsida til Tizir inneheld også ein video - (meir)
Det var ein av dei fyrste fabrikkane som sto ferdige i den andre iondustrielle revolusjonen i Noreg: Den tok til med å bygge Tyssefaldene kraftstasjon som no huser Noregs Vasskraft- og industristadmuseum . Deretter "karbiden" som vart til DNN Aluminium - som så vart til Ileminittverk (1986). No står Tizir framfor dei største investeringane nokon gong.
I Odda og Tyssedal finns "alt" som høyrer Industri-Noreg til: Mykje historisk materiale - som filemn om Tyssefallene og elektrifiseringa.
Les om NLI i BT eller på nettsida deira
her fins det og massevis av film - i alle fall frå byen og ulike kulturelle og historiske døme. Ein god samaerbeidsparntar kan vere vassdrags- og industristadsmuseet som har laga minst to historiske filmar
Randi Storaas i Odda lagar filmen "Industrieventyret 2" i samarbeid med Norsk Vassdrags- og industyristgadmuseum i Tyssedal www.nvim.no:
Film 1 - 1994: Dette er historia om framveksten av det moderne Noreg sett gjennom kva som skjedde i ei lita fjordbygd på Vestlandet. Filmen fortel om kvifor utanlandske industrileiarar kasta augo sine på Odda/ Tyssedal, om fosseoppkjøparar og grunderar sine storslåtte planar, og rallarane sin harde arbeidsdag, deira enkle butilhøve og makelause arbeidsprestasjon. Eit nytt samfunn voks fram som ”troll or øskje”.
Film 2 - 2014: "Hausten 2013 arbeider eg på oppdrag frå Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) med eit forprosjekt til ein ny biletspel-film om Tyssedal og Odda som industristader i ein internasjonal samanheng. Det handlar om tyske oppfinningar, svenske ingeniørar, britisk kapital og norsk vasskraft, og om dei som sto i bresjen for denne storsatsinga rundt 1906."
Sjå http://randistoraas.no/index.php?Side=12&counter=
Og så kulturne.....