Prosjekt

Kva er eit munnleg historie-prosjekt?

Vanlegast er at eit museum og ei eller fleire frivillige organisasjonar (venneforening, historielag, veteranforening) samarbeider om ein intervjuserie for å sikre den munnlege historia for ettertida. Det kan vere frå eit til hundrevis av intervju.

Ganske ofte har også historielag og andre frivillige organisasjonar sett i gang slike prosjekt aleine. Faktum er at frivillige og "amatøristorikarar" ofte har vore snarare til å sjå verdien av munnleg historie, enn "proffar" i musé og arkiv.

Rana Museum 2022 - Foto Stein Øberg

Bedrifter og fagforeningar samarbeider ofte om intervjuseriar i forkant av bedriftsjubilé eller generasjonskifte i organisasjon ellerteknologi.

Det har også blitt vanlegare at privatpersonar samlar munnleg historie: I forkant av eit slektsstevne, vert det gjerne laga profesjonelle intervjuopptak med "høvdingar" i slekta - til publisering på slektssider eller som gåve til deltakarane.

Og ikkje minst: Enkeltpersonar som gjerne vil "avlevere rapport" i modne år, kan lage ein liten serie med intervjuopptak i tillegg til eller i staden for å skrive livshistoria si.

Kva inneheld eit munnleg historie-prosjekt?

Grovt sett inneheld eit profesjonelt munnleg historieprosjekt fire deler:

  1. Avtale/samtykke: For å sikre at intervjuserien kan brukast som kjeldemateriale, bør det dokumenterast at forteljaren samtykker til opptak, akrivering og bruk. Samtykket må vere informert - det vil seie at ho/han har fått god informasjon om opptak og bruk.

  2. Intervjuopptak: Det mest kostnadseffektive er å organisere økter der mange intervju blir gjort etter kvarandre på same stad. På den måten kan mykje bli samla inn på kort tid.

  3. Dokumentasjon: Lange lyd- og videointervju er ikkje søkbare. Dersom dei skal ha verdi som kjeldemateriale, må innhaldet dokumenterast. Det er ikkje naudsynt å gjere det som full transkripsjon, men det må minimum lagast ein stikkordsmessig logg og eit konsentrert tekstsamandrag.

  4. Arkivering: Den sikraste måten å bevare intervjuopptak for all ettertid, er å avlevere dei til ein institusjon eller organisasjon som har langtidsarkivering av munnleg kjeldemateriale som oppdrag. Det kan vere lokalt arkiv, bibliotek eller museum, eller Norsk Folkeminnesamling, Norsk Etnologisk Gransking, Nasjonalbiblioteket eller Riksarkivet. Private opptak kan sjølvsagt arkiverast privat.

  5. Formidling: Svært ofte er munnleg historie like interessant for samtida som for framtida. Formidling kan skje i form av nettsidepublisering av heile serien, eller i form av ulike redaksjonelle produksjonar som foredrag, multimedieartiklar, podcastar, bøker kombinert med tilgjengelege kjeldesamlingar og/eller publikumsarrangement.

Prosjekt eg har hatt ansvar for:

"Neveragain.no": Munnleg historie frå krigsseglarar, motstandsfolk, Tysklandsfangar og russerfangar 2005-2010.

"Helsefilm.no": Livserfaringar om å leve med kronisk sjukdom (revmatisme, psykose, PTSD mm - 2007-2012

"Kraft - kompetanse - kultur 1990-2017" munnleg historie om etablering av Agder Energi og kulturstiftingane Cultiva og Kompetansefondet i Vest-Agder, 2014-2017.

"Sjøfartsminne": Innsamling av munnleg sjøfartshistorie i Bergen 2015 - dd.

"Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie" oppbygging og utvikling 2015 - 2021

Lokale munnleg historieprosjekt: Opplæring, rettleiing og samarbeid med eit førtital prosjekt i små og store kommunar over heile landet. 2017 - 2022.

Kva kostar det?

Eg arbeider gjerne aleine på munnleg historie-prosjekt, med lett, rimeleg og mobilt utstyr. Alt eg treng har eg med meg i ein trillekoffert. Det er derfor timane som er kostnadsdrivaren: Di meir effektivt me kan organisere - di lågare blir prisen for kvart intervju. Derfor må me diskutere og kalkulere prisen konkret i kvart prosjekt. Reknestykket nedanfor er eksempel på eit prosjektbudsjett:



Rekneeksempel: 4 munnleg historie-intervju gjennomført på ein dag. (Reisekost er ikkje medher) Oppdragsgjevar må velje ut kven som skal intervjuast, og minst ein person frå oppdragsgjevar må helst vere med heile intervjudagen;

Bjornenes-no-Budsjetteksempel

Kan det søkast støtte?

Munnleg historie er ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Det kan søkast støtte til munnleg historieprosjekt frå offentlege og private institusjonar og orgaisasjonar, så som kommunale, fylkeskommunale og statlege kulturmidler og ideelle stiftingar eller fond som støttar kulturvern. Eg kan også hjelpe med slikt søknadsarbeid.