Minnesamlarkurs

Målgruppe:

Kurset er berekna på frivillig kulturvern og museumstilsette som alt er i gang med, eller som skal starte med innsamling av munnleg historie i form av intervjuseriar med opptaksutstyr.

Mål:

Etter kurset, ein periode med aktiv støtte og oppfylgjingswebinaret skal deltakarane ha dei kunnskapane og ferdighetane som skal til for å vidareutvikle sitt munnleg historie-prosjekt.


Det er fotograf Arne Lindvig i VestAgdermuseet som tok dette bildet under eit minnesamlarkurs på Odderøya i Kristiansand på ettervinteren 2019. Vertskap var VestAgdermuseet og Agder Historielag, og arrangør var Memoar.

Innhald - dag 1

(Denne timeplanen er ein mal. Vi tilpassar den samanmed verts-organisasjon eller -institusjon.)

Timeplan:

  1. Kva er munnleg historie? Gjennom ein grundig presentasjonsrunde diskuterar vi korleis vi alle er "tidsvitne" og primærkjelder til historia om vår tid.

  2. Kva leitar vi etter? Som regel ligg det ein lokalhistorisk eller tematisk idé til grunn for at vi har laga kurset. Kva trur vi at vi kjem til å finne i det munnlege materialet? Vi lagar fyrste versjon av prosjektets emneordliste.

  3. Lunsj - gjerne saman med fyrste intervjuobjekt som er invitert til å bli intervjua som del av kurset.

  4. Intervju: Ein eller to av kursdeltakarane og kursleiar gjennomfører intervju med gjesten. Øvrige deltakarar noterar stikkord og tidskodar, markerar treff i emneordlista og noterar seg nye aktuelle emneord. Intervjuet varar opp til to timar.

  5. "Debrief": Kort utveksling av tankar etter intervjuet - kva må vi diskutere i morgon?

Innhald - Dag 2

  1. Debrief 2 - Tankar og refleksjonar etter intervjuet.

  2. Etikk: Personvern, ytringsfridom, opphavsrett, vær varsam-plakat, GDPR. Avtalar i forkant av intervju, rettar etterpå, samtykke til publisering.

  3. Dokumentasjon: Trimming av intervjuet, mellomlagring, Logging og emneordsindeksering, tekstsamandrag, arkiverings- og publiseringsversjon. Klargjering for avlevering.

  4. Lunsj

  5. Formidling: Utval av "Stubbar". Utstilling/nettutstilling. Forteljarpanel. Attforteljing. Kunstnarisk formidling (forteljekunst, borgarsceneproduksjonar). Litteratur og film.

  6. Vidare plan for arbeid med lokalt prosjekt? Utval av intervjuobjekt? Supplering av emneordliste? Lokalavleveringsavtale? Samarbeidsavtale med Memoar (infrastruktur og avlevering). Plan for oppfylgjingswebinar.

Støtte

Dei fyrste vekene etter kurset, er kursleiar tilgjengeleg for telefonstøtte for å hjelpe intervjuserien i gang. Det kan vere praktisk hjelp med videotrimming, fjerning av sekvensar i publiseringsfil, praktisk og etisk rettleiing om intervjuavtalar etc etc.

Webinar;

Nokre veker etter det fysiske kurset, avtalar vi så eit webinar der hovudformålet er å utveksle erfaringane i arbeidet etter kurset. Typiske tema vil vere erfaringsutveksling om intervju, organisering av dokumentasjonsarbeid, utviding av emneordlista, formidlingsplanar eller anna. Tidspunkt og lengde av webinaret blir avtalt med representant for vertsorganisasjon eller -institusjon.

Pris

kr. 14.500,- pluss reise og overnatting

Denne prisen inkluderar:

  • Førebuingar - kursleiar i kommunikasjon med vertskap

  • Gjennomføring - to arbeisdagar kursleiar

  • Telefonstøtte mellom kursslutt og webinar

  • Webinar

Kostnader:

Arrangør (vertskap) må ta ansvar for og dekke andre kostnader:

  • Marknadsføring av kurset og rekruttering av deltakarar.

  • Kurslokale. Det er ein fordel om lokalet har videokanon, storskjerm eller lerret og breidbandstilknytting.

  • Lunsj for deltakarar og invitert intervjuobjekt.

Finansiering:

Det er normalt å tadeltakaravgift som dekker kostnader som ikkje lar seg finansiere av støtteordningar.

Dersom vertskapet er medlem av Memoar, Landslaget for lokalhistorie eller andre medlemsorganisasjonar i Studieoforbundet kultur og tradisjon , går det an å søke støtte der.

Det kan også vere mogleg å søke støtte til kurs og eller innsamlingsprosjekt som omfattarkurs i kommunaleog fylkeskommunalestøtteordningar.