Kvalitative intervju

Eit kvalitativt intervju er eit stykke samtalekunst der forteljaren - den som blir intervjua - får løsna forteljingar og refleksjonar som set nytt lys på erfaringar og refleksjonar ho eller han har gjort seg gjennom sitt liv.

Kunsten må lærast gjennom prøving og feiling - for det finst inga oppskrift Kvar intervjuar må utvikle si form.

Kurs i kvalitativt intervju vil også vere ulikt frå gong til gong, for det vil vere ein interaksjon mellom kursleiar og deltakarar. Men dette er disposisjonen for kva denne samtalen bør omfatte:

A: Generelt

  1. Munnleg historie og kvalitative intervju

    1. Generelt - (“Røynda er femdimensjonal - lengde, breidde, høgde, tid - og oppfatning”)

    2. Historie nedanfrå

    3. Setje ord på “taus kunnskap” - og dele dei

    4. Tre hovudroller: Forteljar - intervjuar - formidlar

    5. Avklaring: Å samle/skape kjeldemateriale er noko anna enn å skrive historie

  2. Kontekst - kva er det som gjer levd liv relevant som historisk kjeldemateriale?

    1. Produksjonsmåte og produktivkrefter

    2. Basis og overbygging

    3. Objektivt og subjektivt

    4. Kvardag og drame (stillstand og sprang - hendingar og kvardagar)

    5. Samvirke og konflikt

  3. Kva kan kvalitative intervju / munnleg historie brukast til?

    1. Kvalitative studier

    2. Offentleg diskurs

    3. Lokal- og bedriftshistorie, familie- og slektshistorie, personlege memorar.

    4. Formidling i museum, utdanning, media.

    5. Kunstproduksjonar

"Så sa kona: Kvifor har du aldri fortald dette til meg?

Så måtte eg berre seie som det er: Men du spurde jo aldri, du! Sa eg..... "

Gustav J. - Sjømann

B. Praktisk intervjuarbeid

  1. Fri forteljing som hovudmetode

    1. Kort om kvantitativ og kvalitativ metode i intervjusamanheng

    2. Journalistisk intervju er ulikt eit kvalitativt intervju

    3. Problemet med spørjelister og intervjuguide

    4. Opne spørsmål og dynamisk emneordliste.

  2. Intervjuaren

    1. Kunsten å høyre etter

    2. Intervjuar og forteljar - same eller ulike prosjekt?

    3. Fordomar og hangups

    4. Kvite felt og nåler på kartet

  3. Utval av forteljarar

    1. Prosjektdefinisjon

    2. Motivasjon - kvifor vil nokre fortelje og andre ikkje?

    3. Frivillig påmelding

    4. Overtaling

  4. Forteljaren

    1. “Eg har ikkje noko å fortelje”

    2. Sjølvbilde, livsløgner og ansvar for ettertida.

    3. “Dette hadde eg gløymt”

    4. Erindringsforskuvingar og bleike minne

    5. Notid og fortid - og minne som prosess.

  5. Etikk

    1. Kven eig historia? (Forteljarens historie og formidlarens historie)

    2. Ytringsfridom og personvern - historie er ikkje for pingler

    3. Informert samtykke til opptak og arkivering

    4. Informert samtykke til logging og tekstsamandrag

    5. Informert samtykke til publisering



C: Nokre viktige refleksjonar

  1. Makt

    1. Maktanalyse - intervjuar, forteljar og kontekst. Avklarte og uavklarte maktrelasjonar. Maktkamp / makt som prosess.

    2. Maktstrategiar (“kritisk sans/kjeldekritikk”, definisjonsmakt, overhøyring, kroppsspråk, mistolking

    3. Avmaktstrategiar (snakke etter munnen, svare - og tie - etter forventing, uvilje/ordknipe, diskusjon, mistolking.

    4. Angst og sjenanse

  2. Intimitet

    1. Kicket av å fortelja, og av å lytta. Og sur svie, etter den søte kløe.

    2. Samtykke som prosess. (Etisk refleksjon)

    3. Avstand som prinsipp og som praksis:


  3. Gløymsle

    1. “Minne som prosess”

    2. Det me ikkje har opplevd - ex. krisa i 1982

    3. Det som gjer vondt å minnast

    4. Ynskjetenking - slik det helst skulle ha vore

    5. Kvite løgner og ande usanningar

  4. Tillit.

    1. Sjølvtillit hos intervjuar og forteljar.

    2. Organisering av intervjuprosjekt - erfaringsdeling undrvegs


D. Etterarbeid

  1. Dokumentasjon

    1. Prosjektspesifikk emneordiste

    2. Innhaldslogg

    3. Tekstsamandrag

    4. Definisjon/utklipp av stubbar

    5. Arkivering av samling

  2. Analyse

    1. Kontekst og prosjekthistoire

    2. Emneordliste og stubbar

    3. Drøfting av funn

    4. Samanfatting - og definisjon av vidare behov

"Oj - har det gått fire timar?

Men takk skal du ha - dette var veldig moro!

Mange av desse forteljingane hadde eg heilt gløymd!

Yotam Girgis, prest.

E. Formidling

  1. Arkivering og publisering av kjeldemateriale

    1. Memoar.no

    2. Minner.no

    3. Norsk Folkeminnesamling / SAMLA

    4. Nasjonalbiblioteket

    5. Frittståande prosjektsider

  2. Kuratering

    1. Utstillingar

    2. Foredrag / Podcast / Blogg / artiklar

    3. Forteljarpanel

    4. Bok med kjeldesamling

  3. Kunstproduksjonar

    1. Attforteljing

    2. Borgarscene

    3. Forteljing


Forteljarpanel på Sjøfartsmuseet i Bergen