Munnleg historie
Munnleg historie ein metode for innsamling, dokumentasjonbevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale i form av lyd- eller videoopptak av intervju mellom ein forteljar med personlege erfaringar frå historiske hendingar eller prosessar, og ein godt informert intervjuar. Målet med slike intervju er å supplere tradisjonelle kjeldesamlingar med munnlege b eretningar - gjerne frå personar som elles ikkje er godt representert i kjeldesamlingar.
Frå folkeminne til munnleg historie:
Noreg har lange tradisjonar på dette fagfeltet . Innsamling og "vidareforedling" av folkeminne og folkemusikk sto sentralt i bygginga av ein moderne, norsk identitet etter 1814. Norsk Folkeminnesamling vart etablert i 1913, med utgangspunkt i det materialet som var samla inn av Peder Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. Etter krigen var det eit nytt oppsving i arbeidet med Arbeidarminneinnsamlinga og grunnlegginga av Norsk etnografisk samling ved Folkemuseet. Og i 2015 vart Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, etablert som den fyrste som sette hovudfokus på innsamling og bevaring av munnlege kjelder i form av lyd og videintervju.
Kva kan Bjørn Enes hjelpa med?
Eg kan hjelpa på alle trinn i arbeidet med munnleg historie: Intervju, dokumentasjon, avlevering, publisering, prosjektutvikling og rapportering. I tillegg kan eg hjelpa med opplæring og rettleiing, slik at historielaget, muséet eller forskaren kan gjere dette sjølve. Eg har samla meir inforamsjon om kva eg kan bidra med i desse undersidene: