Butikken min
Skriv ein E-post eller slå på tråden om du ynskjer å:
kjøpe romanen "Til minne om Linda"
få andre tekstar eller opplysningar om dei
hyre meg som møte-, seminar- eller prosjektleiar
diskutere eit nytt skriveprosjekt (artiklar, sakprosa, portrett eller skjønnlitterært),
diskutere ny filmproduksjon (dokumentar- eller helsefilm),
eller hyre hjelp til å produsere innhald til webprosjektet ditt.
Til minne om Linda
"I tre vinterveker i fjor vart byen skaka opp av uforklårlege hendingar. Så la han seg til att. Det såg ut som at han la seg til på same vis som før, som han har brukt å ligge i all si tid. Men poenget med denne forteljinga er jo å drøfte om det verkeleg kan vere så enkelt, om det kan finnast ein så likefram snarveg til å skjøne framtida"
Papirutgåve - 496 sider - i sal frå september 2013 - Bestill her
Bloggforteljing: Gratis / Frivillig - sjå bloggforteljing.no
Les meri om publiseringsmåten - Les om omslagsbiletet
Nytt skriveprosjekt?
Eg er alltid opplagt til å diskutere nye idear:
Portrett
Nær historie / jubileum:
Debatt
Kunstneriske tekstar
Eller noko heilt anna - eg likar å gå heilt nye vegar
Prisar heng saman med arbeidsmengd. Det er altså uråd å seie på førehand. La sss snakke om det - så gjer eg eit reknestykke!
Nytt filmprosjekt?
Det same gjeld nye filmidéar. Eg er alltid klar til å diskutere! Det eg kan bidra med er
idéutvikling
skriving av synopsis og søknader om finansiering
research / journalistisk arbeid
manus
organisering av opptak og redigering
Normalt arbeider eg saman med Dokufilm AS - men eg arbeider og gjerne saman med andre kpå foto/regisida.
Anna eg kan hjelpe med
Eg likar telefonar om at det "brenn": Jegg - eg kan hive meg rundt! Eg kan hjelpe med:
Møteleiing - halde styr på ivrige debattantar eller eit seminar med alt for tettpakka dagsorden
Prosjektleiar for å utvikle ein strålande idé til noko handfast: Ein kulturproduksjon, eit medieprosjekt, eit arrangement.
Nettsider: Eg er ingen IT-konsulent, det er innhaldsproduksjonen som er mitt fag. Dataverktøyet får ein gratis i våre dagar - eg er mest vand med google.