Munnleg historie og forteljekunst
Min store læremeister når det gjeld samanhengar mellom munnleg historie og forteljekunst, er forteljekunstnar og formidlingsleiar ved SunnhordlsandMuseum, Johann Øvstebø Tvedten. Bilda over er to av fotograf David Zadic sine blinkskot under hennar framsyning "Segle ut - segle heim" under Fest i Fjaler, 2021. Verket var bygd på mitt munnleg historie intervju med Svein Solheim.
Eg tolkar "Tvedtens metode" omlag slik: Når ho intervjuar (eller høyrer på eit intervju) høyrer ho mykje meir enn det intrvjuobjektet faktisk seier. Det er av di ho høyrer konteksten rundt. (Litt høyrer vi han, alle saman, for alt det innforståtte og underforståtte og og sjølvsagte som gler oss når vi høyrer på "ein av våre eigne" - det er denne konteksten). Så brukar ho si eiga oppleving av intervjuet som fundament når ho fortel tilbake, slik at det blir ei heilt ny forteljing om dei same tinga som i intervjuet - men i ei munnleg-litterær form med henne sjølv som avsendar.
Dette har eg så forsøkt å gjere sjølv. Ikkje slik som Johanne kan gjere det. Det trur eg ikkje at eg kan få til. Men eg har eksperimentert med ei heilt anna form som eg kallar attforteljing:
Grunnideen bak eit meisterkurs om munnleg historie ogforteljekunst er å samle grupper av aktive minnesamlarar og forteljarar for å arbeide systematisk med begge desse to delane av prosessen frå innsamling og dokumentasjon av den faktiske, munnlege samtidskulturen vår til det å skape kunstnariske uttrykk for denne kulturen i form av attforteljing, forteljekunst - eller andreformer som vi ogsåkjenner til, då kanskjefyrst ogfrest borgarscene.
Meisterkurs i munnleg historie og forteljekunst.
Målgruppe:
Erfarne, aktive minnesamlarar og forteljekunstnarar som har ynskje om å utvikle verk basert på den faktiske munnlege samtidskulturen.
Ei kursrekke går over to år og inneheld:
to fysiske samlingar i år 1, under Jakob Sande senterets sommarakademi i juni, og Fest i Fjaler i august,
to eller tre heildags webinar i løpet av haust og vår,
og to fysiske samlingar i år 2, under Sommarakademient i juni og "Fest i Fjaler" i august.
Mål:
Både minnesamlaren og forteljekunstnaren som gjennomfører kurset skal kome ut av det med styrka kompetanse og meir kreative arbeidsmåtar. Fleire skal engasjere seg på begge arbeidsområda, og alle som ynskjer det skal debutere for publikum under Fest i Fjaler, år 2. Kurset skal også bidra til å synleggjere munnlege uttrykksformer og forteljingar både som kulturarv og kunstsjanger.
Samling 1:
Fyrste gong under Jakob Sande-senterets sommarakademi 21-23 juni 2023, på SteiaGard i Dale, Fjaler.
Grundig presentasjonsrunde - diskusjon om deltakarane sine livshistorier som eksempel på kva munnleg historie er for noko.
Munnleg historie intervju: Kunsten å få forteljingane til å renne fritt.
Logging - samandrag og indeksering: Refleksjon om kva var det egentlig som hende under intervjuet?
Gjennomgang av eit tidlegare intervju og attforteljing ellerkunstversjon - samtalemed erfaren minnesamlar/forteljarom prosessen.
Analyse av intervjuet - kor låg “perlene” - og kor mange lag hadde dei som forteljingar?
Planlegging av dramturgien i attforteljinga.
Etisk refleksjon.
Praktisk framgangsmøte: Korleis skaffar eg meg erfaring med munnleg historie?
I tillegg vil deltakarane ha tilgang til alle andrearrangement under sommarakademiet (meir infokjem)
Samling 2:
Fyrste gong under Fest i Fjaler - 11-13. august 2023: Kursprogram over tre dagar. Innimellom alt det andre som skjer i løpet av festivalen, er meisterkurset samla tre gonger:
Torsdg 11/8: Deltakarane får observere under fyrste intervju som skal førebu attforteljinga, eller dei får tilgang til intervjuopptaket umiddelbart etter at intervjuet er ferdig.(Dette må den som skal attforteljast blir spurd om samtykke til)
Fredag 12/8: Deltakarane i Meisterkurset arbeider individuelt med eigne refleksjonar og øving på korleis intervjuet kan attforteljast. b) Om kvelden på dag 2 legg vi inn eit par timar kreativ samtale mellom årets intervjuar/attforteljar og meisterkurs-detakarane.
Laurdag 13/8: Observasjon av attforteljing, med fokus både på forteljaren, den som blir attfortald og publikum.
Webinar 1:
i hausthalvåret får desse tinga ligge og modne hos kvar deltakar - kanhende blir noko brukt i andre samanhengar, kanhende ikkje.
Ein gong i oktober eller november blir deltakarane inviterte til ein ny kreativ samtale som webinar. For eksempel med utgangspunkt i “modna minne” om Fest i Fjaler.
Kvar deltakar blir oppmoda til å planlegge si eiga attforteljing. Alle som ynskjer det legg fram sine idear til diskusjon i gruppa.
Webinar 2:
i vårhalvåret gjennomfører vi eitt eller to webinar med utveksling av erfaringar og tankar om arbeidet med eigne intervjuinnsamlingar og eventuelleattforteljingar.
Samling 3
Sommarakademi - 2024. Siste samling - gjerne saman med ei ny gruppe som startar på same måte som “vår” gruppe gjorde i år 1.
Alle deltakarane som har ei forteljing eller attforteljing klar fortel om sin prosess og viser sitt work in progress. (Programkomiteen for Fest i Fjaler blir invitert for å vurdere presentasjon under festivelen).
Heile det fyrste kurskullet blir inviterte til å delta i heile oppstartkurset saman med kull 2 - særleg blir dei oppmoda til å delta frå punkt fire:
Analyse av intervjuet - kor låg “perlene” - og kor mange lag hadde dei som forteljingar? Andreårs gruppa fortel om sin prosess.
Planlegging av dramaturgien i attforteljinga. Andreårsgruppa viser kanhende bitar av korleis dei ville ha gjort det.
Etisk refleksjon.
Praktisk framgangsmøte: Korleis skaffar eg meg erfaring med munnleg historie? Går det an å leve av munnleg historie og forteljekunst?
Samling 4:
Fest i Fjaler - år 2: Debut: Ein av (eller fleire av?) deltakarane blir inviterte til å lage si eiga attforteljing på Fest i Fjaler. Ho/han får oppfylgjing/støtte både av kursleiar og andre deltakarar gjennom heile prosessen fram til publikumsarrangementet.
(Dersom det blir fleire, vurderar vi ei eiga arrangements rekke ved sida av hovudprogrammet under Fest i Fjaler)
Avsluttingsarrangement for kull 1.