Forteljekurs

Svært mange - særleg eldre - eldre kjenner ei forplikting til å summere opp livserfaringane sine og gi dei vidare til neste generasjon.

Dette er høgst prisverdig ! Personleg vil eg gjerne seie det endå sterkare:

For fyrste gong i verdshistoria har ”alle” høve til å avlevere forteljingar om sitt liv og sine livserfaringar til det kollektive minnet, slik at både framtidige generasjonar og nålevande kan ruke dei til å bli klokare. Mange - både unge og eldre – bør lære seg dette og faktisk gjere det.

Dette er bakgrunnen for eg har laga eit kurs om å fortelje livshistorie. Mitt mål er å motivere deltakarane til å lage forteljingar om sine liv og livserfaringar, å hjelpe dei til å kome i gang og gi dei råd om vegar vidare. Eg håpar at det kan vere interessant for arangørar, så som historielag, bibliotek, musé, senioruniversitet eller andre. Og eg håpar sjøvsagt det er interessant for deltakarar! Ta gjerne kontakt, så organiserar vi i lag!

Metoden : Kvar samling er kombinasjonar av

  • Ei konsentrert ”førelesing” om eit kunnskapstema kvar gong,

  • Samtalar om deltakarane sine eigne forteljingar

  • ”Heimeoppgåver” der deltakarane arbeider med eigne forteljingar.

Omfang: Kurset går over fem samlingar med to til tre timar kvar gong og ei veke mellom kvar samling – det tar altså fem veker. Eller som heildagskurs over tre dagar med minst ei veke mellom dei to siste.

Kostnad:

I utgangspunktet må kurset budsjetterast til kr. 17.500,- pluss eventuell lokalleige og reisekostnader. Det vil kunne ha opp til 20 deltakarar, slik at budsjettprisen vil vere 875,- pr. deltakar med fullt kurs.

Det vil kunne søkast kulturmidler til å redusere eigenandelen. Viss kurset blir arrangert i samarbeid med Memoar eller eit anna hstorielag, kan eg også gjere deler av arbeidet som frivillig.

Kursprogram:

Kurset går over fem samlingar med to til tre timar kvar gong.. Det kan også organiserast som heildags- eller helgekurs over tre dagar (r.eks. laurdag- søndag pluss ein seinare laurdag)

Samling 1: (evt. dag 1 før lunsj) Presentasjon og introduksjon

  1. Presentasjonsrunde: Vi tar oss god tid til å bli litt kjende med kvarandre, og til å dele tankar målsetjingar og ambisjonar med å lage forteljingar om levd liv.

  2. Mikrohistorie og makro historie: Kva er det som gjer ei livshistorie interessant? Og litt om nettalderen sine forteljingsformer: Artikkel / bok / e-bok, blogg, munnleg historie intervju, nettside/Facebookside, muløtimediepresentasjon, direktesending etc. )

Samling 2: (evt. dag 1 etter lunsj) Livsløpsintervju og disposisjon for livsforteljing

  1. Livshistorieintervju 1 - (Etter loddtrekking blant dei deltakarane som gjerne vil bli intervjua.)

  2. Gjenforteljing av intervjuet: Analyse av innhaldet - Diskusjon om råd til kva form ein publisert versjon kan ha, kva som er mest interessant og kva som bør kuttast. Utkast til konkret disposisjon og arbeidsplan for denne deltakaren.

Samling 3: (evt. dag 2 før lunsj) Same ramme som sist - men eg lovar svært anna innhald:

  1. Livshistorieintervju 2- Etter loddtrekking blant dei deltakarane som gjerne vil bli intervjua.

  2. Gjenforteljing av intervjuet: Analyse av innhaldet - Diskusjon om råd til kva form ein publisert versjon kan ha, kva som er mest interessant og kva som bør kuttast. Utkast til konkret disposisjon og arbeidsplan for denne deltakaren.

Samling 4: (evt. dag 2 etter lunsj) Foto og "indre bildesamlingar":

  1. Foto: Flest mogleg av deltakarane har med seg fotografi dei har tenkt å bruke i si forteljing. Gjennomgang og diskusjon - kva ereit godt bilde? Og: Kva må me hugse av juss og etikk når det gjeld billedbruk?

  2. "Indre billedsamlingar" - Forteljekunst er å visualisere. Korleis? Kor ofte? Munnleg? Skrifteleg? Multimedialt?

Samling 5: (evt. dag 3 - Heil dag)

  1. Planar og ambisjonar: Alle deltakarane som ynskjer det, presenterar sine disposisjonar og arbeidsplanar. Vi diskuterar og lærer av kvarandre.

  2. Vegar vidare: Vegen fram til sjølpublisert bok, avlevert og publisert munnleg memoar, nettside/blogg, multimediepresetnasjon.

  3. Ei skei full frå minnenes hav: Kursleiars refleksjonar sist på avsluttingskvelden.

Ta kontakt for å diskutere kursarrangement nærare! - post@bjornenes.no - Tlf 41516745