Industri 3.0

Myten om avindustrialisering

er den mest forstyrrande støyen i debatten om Noreg si framtid.

I denne artikkelen fortel Bjørn Enes korleis han meiner endringar i verktøy, organisasjon og teknologi har forplanta seg og gjort Noreg meir industrialisert enn nokon gong.

Han meiner at den industrielle basisen er ein grunnleggjande premiss i debatten om framtida – men at dette vert oversett og mistolka av hovudstraumar mellom økonomar, politikarar og media.

Til og med fagrørsla sjølv treng ein diskusjon om innhaldet i dei kunnskapane det heiter seg at landet skal leve av «når olja tek slutt».

Forfattaren er frilansjournalist med meir enn halve arbeidslivet bak seg i tungindustrien, nærare bestemt på Nikkelverket i Kristiansand. Hans eigne opplevingar og refleksjonar er hovudkjelda i forteljinga. Det er dei som har fått han til å tidfeste vendepunktet i norsk økonomi til hausten 1975, og vendepunktet i norsk politisk debatt til seinhausten 1989.

Gå til starten av artikkelen

14-08-20-Industripamflett-Versjon4-Illustrert.pdf

(Då artikkelen blei utgitt av Manifest Forlag i 2013, gav dei henne boktittelen "Kven skal bygge landet?")