Kulturprosjekt

Det er fyrst og fremst interessa for dei enorme endringane i kjølvatnet av den digitale revolusjonen som har drive meg inn i arbeid med ulike utviklingsprosjekt. Fyrst i mettalugisk industri - seinare i medie- og kulturindustrien.

I prosesindustrien skaut digitaliseringa fart for alvor frå midt på 1960-talet. Eg var heldig og hamne med eit reint tilfelle på Mattelutingsanlegget på Falconbridge Nikkelverk då eg ba om arbeid der fyrste gong sommaren 1970. I 1972 var eg tilbake - då blei eg verande i 21 år. Dei åra vart fabrikken endra så grunnleggande at så godt som ingenting var att av "det gamle". Men viktigast var at tilhøva mellom menneska vart endra. Den gamle, militær-inpirerte kommandostrukturen var urasjonell - ein flatare organisasjon der ulike kategoriar kunnskap og handlag spela saman i eit dynamisk arbeidsfellesskap vart grunnlagt.

Eg freista ein gong å beskrive dette i essayet "Hvit stakitt og fiberoptikk".

Nærradiorevolusjonen

20 år seinare skaut dette fart innafor media. Noko av det fyrste som hende var at kringkastingsmonopola vart avskaffa. Teknologien hadde gjort eteren brei nok for fleire enn den statlige radio- og fjernsynsverksemda. Eg var med på nærradiorevousjonen, eg tok initiativet til fagforeiningsradioen "Kolsdalspipet" - og då den epokeskapande lock-outen i 1986 braut laus kunne berre snu om på hælen og lage "Lock-out-radioen" til LO på Sørlandet.

Om nokon sit på gamle opptak av dette, så vil eg gjerne ha ein kopi for å publisere her på sida!

Avis - internett - og fjernsyn

Sumaren 1993 hadde eg brått skifta beite: Over natta hadde eg fått tilbod om å arbeide i Fædrelandsvennen og permisjon frå Falconbridge. Omtrent samtidig tok fylgjene av nye digitale verkty til å gjere seg merkbare i avisredaksjonane. Få år etter var det tydeleg at Internett kom til å bli noko for alle - og omtrent samstundes var det klart at video og fjernsyn kom til å bli hovudinnhald på nett.

Eg var fascinert av alle dei nye vegane som åpna sog for korleis ein kunne fortelle historier. Den fascinasjonen sit fast i meg enno. Eg vart med på å bygge opp Fædrelandsvennen sin lokalTVstasjon, på tidlege eksperiement med samspel mellom TV og internett - og eg brant for å få til ei full integrering av avis, fjernsyn og nett.

Ei sørlandsk filmnæring

Men før Mediehuset kom så langt, sa eg farvel og kasta meg ut på djupt vatn som frilansar. Eg var sikker på at om det skulle vere mogleg å leve som "digital historieforteljar" på Sørlandet, så måtte me bygge ei ny og annleis næring frå botnen av. Gjennom eit tiår vr eg med i ei lang rekke utviklingsprosjekt. Eg var med å utvikle Helsefilm, Film og TVhuset på Odderøya, bransjeforeininga STOFF, Cinemateket, Sørnorsk Filmsenter og ein filmstrategi i investeringsstiftinga Cultiva. Utanom desse vellukka prosjekta var eg og med på ei rekke prosjekt som tilsynelatande ikkje førte nokon stad - men som og høyrer med som bidragsytarar i historia. Det sistestore filmutviklngsprosjektet eg var med å bygge opp var det internasjonale First Motion Me bygde opp

For den som måtte vere interessert har eg lagt ved eit knippe sluttrapportar frå prosjekt eg har vore med i og for ein stor del leia.

"Mediehuset Abup"

Frå første dag i frilanstilværet, vart helsevesenet eit viktig arbeidsområde for meg. Sidan 2003 har eg vore deltids- eller prosjkettilsett i fleire periodar på Sørlandet Sykehus. I andre periodar har eg arbeidd saman med fagmiljø der og frivilige organisasjonar som Norsk Revmatikerforbund, Landsforeningen for pårørende i psykisk helse, Mental Helse og Rådet for psykisk helse. Eg var med å utvikle Helsefilm, og var med å produsere ei rekke dokumentar- og undervisningsfilmar som er publisert der. Etter kvar vart mi interesse særleg sterk innan psykisk helse, og då særleg for barn og unge. Det heng sjølvsagt saman med at Abup hadde eit fagmiljø og ei leiing som var særleg interessert i å ta i bruk mederne forteljarteknologi, nye media og forteljarkunst i alle variantar - bøde i førebyggande arbeid og behandling. Sjå meir om dette på eiga underside. Ei god oppsummering av dette finst i prosejktrapporten for Ventelisteskolen frå 2015.

Prosjektrapportar - medieutviklingsprosje