Fleire forteljingar

I hundre år 

har det vore lok på historia om  Sivert Sunde. Han tok livet sitt sommaren 1927.  Det   var ei  opprivande hending, som det lei sagt at skal det ikkje skulle snakkast om.  På overflata respekterte folk det. Jakob Sande skreiv eit oppriande dikt, men alle år blei det sagt at det handla om ein sau eller ein stut eller eller ein hund.  Sommaren 2023 blei loket lyfta av. Dette handlar denne forteljinga om.

20 år etter UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv, er den munnlege kulturen generelt og munnleg historie særskilt i ferd med å få sin rettmessige plass i denne delen av norsk kulturpolitikk. Dette innlegget framførte eg (Bjørn Enes) under samlinga i Nettverk for immateriell kulturarv (seinare endre at Nettverk for levandekulturarv) under Litteratur-festivalen på Lillehammer, 26. mai 2023. 


Forteljinga om AnneFi (98)

Gjennom fem intervju hausten og vinteren 2022/23 fekk eg høyra ei rad forteljingar både om Anne Sofie Grieg Moe, dottera, Ragna Sofie Grung Moe og formødrene deira.  I løpet av samtalane vart eg medviten om  sider ved mine eigne formødre si historie . På arrqangementet "Bergensminne" den 21/2-23 fekk eg høve til å fortelje tilbake til dei to - både om korleis eg hadde høyrt deira forteljingar og korleis det hadde fått mine eigne til å vekse.  

Derfor gjekk det slik med meg  ... 

I februar 2023 blei eg invitert til Rotary i Bergen  - dei var nyssgjerrige på å høyre kvifor eg driv så veldig på med å intervjue folk. Så måtte eg jo svare då, som best eg kunne, og fortelje det. Eg tok til med å fortelje om Ola i Ågedalen, og så vart det Ivan Korotsja i Novorissisk, og så kusine Gunn Marit og tantene på kyrkjegarden på Halsnøy - og så tok det eine det andre.  Eg rakk så vidt å kome inn på Anne Sofi og Ragna Sofie til slutt - og mormor måtte eg fortelje om, og kvifor mor mi alltid hadde stjerner i augo då ho snakka om Bergen.

Forteljinga om ein "booming city" i Tanzania

I  2004 kunne Haydom Lutheran Hospital i Tanzania markere at det var femti år sidan sjukehuset vart grunnlagt. Eg fekk høve til å gjere eit djupdykk i dette stykket aust-afrikansk lokalhistorie - resultatet vart denne boka, "Eventyret i Haydom".  Less teksten og sjå bilete her:  bjornenes.no/Haydom.

Ei forteljing om Steia gard 

Den 2. desember 2022 fekk eg fortelje tilbake til Odd Bjordal og Hans Bjarne Haugen korleis mitt bilde av Steia i Dale, Fjaler, ser ut etter intervjua eg fekk gjere med dei tidlegare same år. Opptaket er frå eit arrangement laga av Jakob Sande senter for forteljekunst. Sjå meir på www.memoar.no/fjaler 

Les meir: 

Steia gard er nabo til Klokkardgarden i Fjaler, der Jakob Sande senter for forteljekunst held til. I åra 1871 til 1907  heldt Nikka Vonen sitt "Pigepensionat" til der - ein skule for jenter av høgare klassar i Noreg og Norden.

Odd Bjordal er i dag den einaste som bur på Steia. Hans Bjarne Haugen hadde også oppveksten sin der, og er i dag eigar. Basert på intervju med desse to, supplert med tidlegare intervju med Svein Solheim og bygdebøkene for Fjaler og Naustdal, laga eg denne forteljinga. Ho er det femte eksperimentet med samanhangar og ulikskapar mellom munnleg historie og forteljekunst.  Eg arbeider med ein artikkel for å oppsummere eksperimentrekka i Forteljaren.

Eg ga forteljinga fem kapittel. Men "ur-framføringa" den 2/12 fylgde ikkje kapittelinndelinga. Ein grov logg ser slik ut:

00:00 Prosjektet - munnleg historie og forteljekunst

02:15 Kapittel 4 - Det gamle svinn - og det nye veks fram:

Om Steia som oppvekststad på 1950- og 1960-tal - og om avfolking ut over 1970-, 80 og 90-talet

18:20 Kapittel 3 - Sorgen og Glæden de vandrer tilhope - Om sorg i Nikka Vonens barndom

25:50 Kapittel 1 - Vona  - Om Bertel Johannesson Vonens utgangspunkt - Vona i Naustdal

28:26 Kapittel 2 - Klassereisa - Bertel,  Berte og Anna - og om oppbygginga av eit norsk forsvar.

34:04 Framhald av Kapittel 3 - Sorgen og Glæden de vandrer tilhope - Nikkas Vonens alderdom

36:04 Framhald av kapittel 2 - Klassereisa,

36:04 - Sigurd Haugens historie, og

44:05 - Oline Njøsen og Hans Haugens historie, mellom anna om tiåret i Silver Valley, Idaho. 

51:02 Kapitel 5 - Alt godt som enno ventar

54:32 Kommentarar etterpå  - slutt på 56:41

Opptak frå Bergen off. bibliotek 22/11-22

Forteljinga om Kari Thorkildsen.

Den 22. november -22 fekk eg fortelje tilbake til Kari Thorkildsen og publikum på Bergen off. Bibliotek korleis eg høyrde, opplevde og oppfatta munnleg historie-intervjuet som vi to gjorde tidlegare same haust. Ambisjonen min var å formidle korleis eg har forstått meir av Noregshistoria etter 1950 gjennom å lytte til hennar livsforteljing. 

Etter attforteljinga, kommenbterte Kari sjølv, saman med Ada Freng.

Les meir:

Livshistoria til Kari Thorkildsen er som eit djupdykk i Bergens nyare historie. Ho er i dag mest kjend som forteljekunstnar og fyrstelektor emerita ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett på Høgskulen på Vestlandet.Men barndomsminnene gjer henne til eit tidsvitne frå attreisinga på 1950-talet, og frå den tidlege historia om Landås bydel og barnekulturen der. I tidlegare munnleg historie intervju har ho fortald om framveksten av dagens Søreide, om sosialhistorie og generasjonskonfliktar på 60-talet, industrihistorie og utdanningsrevolusjon. Frå 1970-, 80- og 90-tal har ho fortald om pedagogisk historie og utviklinga av barnehagesektoren. Og ho er ein del av Bergens kunst-, kultur- og akademihistorie, med særleg vekt på forteljekunsten.

Eg, Bjørn Enes, er minnesamlar, journalist og forteljar. På arrangementet 22/11 fortalde eg tilbake til Kari Thorkildsen korleis eg høyrde hennar forteljing gjennom intervjuet, og korleis det gav nyansar til kunnskapen min om Bergens og Noregs nyare historie. Vi er alle tidsvitne om den tida vi har levd. Gjennom attforteljinga forsøkte eg å konkretisere kvifor Kari Thorkildsens munnlege historie er eit bevaringsverdig dokument som fortener ein plass i Nasjonalbilbioteket.

Etter attforteljinga kommenterte Thorkildsen, i diskusjon med Ada Freng - og med publikum. Dei to kjenner kvarandre som kollegaar gjenom mange år. Ada er - mellom mykje anna - forfattar, minnesamlar og frivillig kulturvernar.

Kollisjonen på MS "Jalanta"

Attforteljing av Gustav Jørgen Myklebust si forteljing om då MS "Constitution" køyrde inn i MS "Jalanta" og delte skuta i to.  (Sjå originalforteljinga på Memoar.no).  Dette opptaket er frå attforteljing på Skifte, Det Vestnorske Teateret 27. oktober 2022.

Forteljinga om pappas reise

Den 20. oktober -22 fekk eg høve til å gjennomføre ein kunstnarsamtale med pianisten Susanne Xin på Nordic Black Theatre. Ho fortalde om ein motvilje som har vakse fram i henne, mot tangentane på instrumentet sitt. Ho er på veg mot noko nytt, i pianoet og i det levde livet.


Arve J. Nilsens forteljing 

Den 25. oktober 2022 hadde eg goleda av å intervjue Arve, saman med forteljekunstnar Kari Thorkildsen.  Det foregjekk i Auditoriet i Bergen off. Bibliotek, som den fyrste i ein serie "Lokalhistoriske ettermiddagar" som Biblioteket og Memoar samarbeider om. Forteljinga handla om generasjonsopprør på 1960-talet, politiskaktivisme, tømrarfaget, kulturminnevern og universell utforming. Men fyrst og fremst handla det om Arve. Ein reflektert og varm person med store perspektiv.

Forteljinga om Kjellaug Bjergene

Inni Kjellaug Hatløy Bjergene frå Fjaler, finst ei stor samling sylskarpe bilde frå eit langt liv.  Over to dagar i august 2022 delte ho nokre av desse bidlene med Bjørn Enes.  Søndag 14/8 fortalde han tilbake til henne og til publikum i løa på Jakob Sande senter for forteljekunst om korleis han opplevde intervjua med henne - og kvifor hennar livsforteljing er ei "mikro Noregshistorie" om vår tid.

Den fyrste attforteljinga

Eg har eksperientert med samanhengar og forskjellar mellom munnleg historie og forteljekunst gjennom heile 2021 og 2022. I starten samarbeidde eg med forteljar Johanne Øvstebø Tvedten om dette. Fyrste gong eg sjølv fortalde tilbake til ein eg hadde intervjua var i juni  2022,  Det var på eit seminar på Jakob Sande-senteret i Fjaler, der Johanne ikkje fekk sjanse til å møte. Resultatet kjem her, så snart han eg intervjua har gitt samtyke til publisering.