Filmproduksjon

Min veg inn i fjernsyns- og filmverda tok til med Internett: Me var ein gjeng dataentusiastar på gamle Falconbridge Nikkelverk, me arbeidde med elektronisk styring i arbeidstida og me skaffa oss "personlege datamaskinar" lenge før det var normalt mellom vanlege folk. Då me kunne koble maskinane våre saman over telefonnettet var me komne til himmelen - heilt til telefonrekninga kom. Då gjekk turen heller motsett veg....

Men så ein dag kom formannen i PCklubben og sa at han hadde høyrt om noko som heitte Internett. Det var noko som gjorde at ein kunne ringe til datamaskinar i USA for same pris som til Iveland!

Sia gjekk det fort. Eg vart journalist - og ganske snart gjekk det opp for meg at Internett kom til å utvikle seg fram til eit bilet- og filmmedium, då bestemte eg meg for at eg ville lære å fortelje med levande bilete.

Fyrst gjorde eg det i lokalTV. Eg var med å bygge opp Fædrelandsvennen sitt dotterselskap TV Sør, fyrst som programleiar i magasinet "Enes på fredag", seinare som reporter, magasinprodusent og utviklar.

Sist i 2002 gjekk eg over i frilansarbeid i kontorfellesskap med Frode Vestad og hans selskap Dokufilm AS. Sidan har me helde fram med eit nært og spanande samarbeid, sjølv om eg og har arbeidd med andre fotografar / regissørar / produsentar frå tid til annan.

Sjå "Fortid(d)" - om komplekse traumer" - Dokufilm 2010

Andre produksjonar Frode Vestad og eg har samarbeidd om: