15 - Kjersti Kleven om industriell tenking
4.5 Eigaren: Intervju med Kjersti Kleven, styreleiar i Norsk Industri og Kleven AS
"Kjersti Kleven, styreleiar i Kleven, har idag blitt valt til ny styreleiar i Norsk Industri.
- Eg takkar for tilliten og går til arbeidet med stor respekt og audmjukheit overfor alle medlemmane i Norsk Industri. Med brei erfaring frå bransjesamarbeid og tre år i Norsk Industri sitt styre bak meg, så gler eg meg og veit at dette vil bli veldig spennande.
Svært motiverande
- Å arbeide for industrien si konkurransekraft og industrien sin posisjon i samfunnet er svært motiverande. Norsk Industri seier «ingen framtid uten teknologi - ingen teknologi uten industri». Dette er på sett og vis industrien sitt samfunnsansvar, som vi må ha konkurransedyktige vilkår for å oppfylle, seier Kleven.
Tre viktige føresetnader
Kleven trekkjer fram tre føresetnader for vidare vekst i industrien i Norge:
Rammevilkår som stimulerer til investering. Industri er langsiktig verksemd og vi må vere i fremste rekke teknologisk for å overleve.
Rekruttering av relevant kompetanse er den største akutte utfordringa vår. Satsing på utdanning og nært samarbeid mellom skule og næringsliv i heile utdanningssektoren er viktig. Vi ser at ungdom responderer på tiltaka som blir sette i verk.
Gode samferdselsløysingar er kritisk for vidare vekst i dei sterke innovasjonsmiljøa innan til dømes marin industri, maritim industri og oljeservice" http://www.kleven.no/nyhende/kjersti-kleven-ny-styrel.