Intervju

Kjerneaktiviteten i munnleg historie er kvalitative intervju

Eg brukar å forklare det slik: Intervju der forteljaren - ho eller han som blir intervjua - fortel fritt om eigne opplevingar, observasjonar og livserfaringar.

Poenget er at den som får snakke fritt, fortel meir autentisk, ekte og opprinneleg enn ein som blir styrt av intervjuarens spørsmål. Den frie forteljinga er rett og slett meir verdfullt kjeldemateriale.

Det betyr ikkje at eg ikkje stiller spørsmål. Det er heller slik at eg forsøker å vere ein aktiv lyttar som gjerne vil forsikre meg om at eg får tak i poenga til ho eller han som fortel.

Kvifor gjorde eg ikkje eit opptak med bestemor?

Eg har ikkje ein gong eit bilde av henne. Dette er Torstein Knutsen Samland sitt bilde "Kvinne - Jondal" frå ein gong mellom 1940 og 1959. Då var der ganske sikkert fleire bandspelarar å få lånt i Hardanger....

Eg hjelper gjerne til med enkeltintervju, til slektstevne eller julepresangar til familien. Eg må ha 4.875,- for intervjuopptaket, pluss reisa. Så kan de lage så mange kopiar de treng. Eg kan legge det på nett - og eg kan avlevere til Memoar og Folkeminnesamlinga.

Intervjuseriar;

For fagforeninga eller veterangjengen eller skyttarlaget eller syforeninga er det mykje å hente på å organisere "intervju på samleband"; Viss oppdragsgjevaren plukkar ut kven som skal intervjuast og organiserar frammøte, kan eg intervjue fire om dagen. Trengs det åtte eller tolv, kan eg få med meg hjelp.

Seriar bør absolutt dokumenterast med logg og tekstsamandrag, og avleverast til Folkeminnesamlinga eller anna offentleg arkiv. For fire ferdig dokumenterte, arkiverte og publiserte intervju må eg ha 24.000 kr pluss eventuell reise.

Arbeidslaget ved Tarlebøvatnet 1924. Foto: R-L-Wilson