Kunstnarliv

Memoarprosjektet Kunstnarliv: Nytt delprosjekt starta i Oslo 18-20 oktober 2022.

10 kunstnarar vart intervjua, 3 av dei var same personar som vart intervjua i 2018, sju var nye. Dokumentasjon og publisering av dei nye intervjua vil ta noko tid, med mindre det kan lukkast å finne finansiering slik at eg ikkje må gjere det på fritida. Så langt er eit opptak klart - det er kunstnarsamtalem med Susanne Xin på Caféteateret / Nordic Black Theatre den 20. oktober 2022:

Eit konsentrat av førre intervjuserie, i 2018

Gjennom å gjere nye intervju med 4-5års mellomrom er ambisjonen både å fylgje den personlege utviklinga til ei gruppe kunstnarar, og - på den måten - å dokumentere historie nedanfrå om utviklinga av norsk kunst og kulturliv.

Bjørn var intervjuar både i 2018 og i 2022

Memoar.no/Kunstnarliv starta som eit samarbeid mellom Tekstlab og Memoar våren 2018. I juni same år vart det gjort åtte intervjuopptak med nokre av dei kunstnarane som samarbeidde i og med Tekstlab, og i oktober var dei ferdig dokumenterte. Hausten 2022 blei nokre av dei same åtte intervjua på nytt, samtidig som nokre nye blei intervjua for fyrste gong.

Fyrste delprosjekt vart publiserte under Tekstlab sin festival "Glokale stemmer" Etterarbeidet med andre delprosjekt er venta ferdig i løpet av februar 2023

Materialet vil bli avlevert til Memoar og Folkeminnesamlinga for evighetslagring.


Framdriftsplan:

  1. Opptaksdatoar bestemt: 18-20/10 2022, arbeider med å avklare lokale. Intervjuar blir Bjørn Enes.

  2. Lage budsjett, informasjonsmateriell og samtykkeskjema

  3. Invitere deltakarar og lage konkrete avtalar (Tekstlab)

  4. Gjennomføre intervjuopptak - 10 opptak utført i løpet av 18-19 og 20. oktober. Mellombels arkivering hos Memoar

  5. Avvente finansiering . (Etterarbeidet er kalkulert til 86 arbeidstimar - inkludert eit intervju som vi ikkje fekk gjort pga sjukdomsforfall).

  6. Gjennomføre etterarbeid når finansiering er klar.

Budsjett - Kunstnarliv 2022 - Ark 1.pdf

Slik foregår det:

  • Du får ein invitasjon til å delta frå Tekstlab. (Ta kontakt med Christine der viss du veldig gjerne vil delta)

  • Du får eit tidspunkt ein av dagane 18. - 19. eller 20. oktober. Intervjua skal foregå på kulturhuset Sentralen i Oslo. Det er viktig at du kjem presis, for det er ikkje slingringsmonn mellom avtalane desse dagane! (Rom-nummer og etasje kjem her så snart det er klart)

  • På Sentralen møter du Bjørn. Meir om han her: bjornenes.no .

  • Du treng ikkje førebu deg spesielt: De skapar innhaldet i samtalen der og då. Det er DEG og DINE erfaringar og refleksjonar han er nyssgjerrig på. Samtalen brukar å vere både hyggeleg og interessant.

  • Etter omlag halvannan time må de slutta. Tida kjem til å gå fort. Hugs å signere avtalen før du går!

  • Intervjuserien inngår i markeringa av tiårsjubileet for Tekstlabfestivalen "Glokale stemmer". Eit av innslaga der blir Art Talk torsdag kveld (20/10 kl 19:30). Der skal Susanne Xin og Bjørn Enes halde fram sin intervjusamtale på scena i Cafeteateret .

  • Nokre veker seinare, får du videoopptaket av intervjuet - og spørsmål om passordet kan fjernast. Du bestemmer.

MAL samtykke Kunstnarliv 2022 .pdf

Avtale om opptak og arkivering:

Alle er "tidsvitner" frå vår tid. Er du ein ung kunstnar, kan verken du eller andre vite om du blir verande kunstnar heile livet, om du blir "stor" og berømd - eller misforstått og gløymd, eller kanskje du blir lærar i staden, med ambisjonar om heller å hjelpe andre fram?

Uansett er du primærkjelde til den verkelege kunsthistoria som vi saman skapar akkurat nå. Når vi står midt oppe i kvardagane, er det veldig vanskeleg å sjå store linjer. Men om ti eller tjue eller hundre år blir det ekstremt lærerikt for dei som kjem etter oss, å få høyre og sjå korleis vi snakkar om det nå.

Det er hovudpoenget med dette intervjuet. Andre-poenget er den "store samtalen" i samtida: Kva er kunst? Kvifor lagar du kunst? Korleis har det seg at du begynte med dette? Kva held du på med? Kva lærer du av dei gamle, og kva er det du vil skape nytt? Kva har du erfart frå publikum? Når du fram til dei med det du vil, eller med noko heilt anna? Forstår du inst inne kva du er i gang med? Og så vidare og så vidare: Vi vil gjerne at det skal vere mogleg å snakke om spørsmål som dette i timelange intervju - og at dei skal delast med andre etterpå.

Men avtalen vi inviterar til, gir DEG full kontroll over opptaket. Før andre får sjå det, må du gi ditt samtykke til at det kan delast. Du ser avtalen til venstre .