Prosjektkurs
Arbeidd med munnleg historie vert så å seie alltid organisert i tematiske prosjekt. I lokalhistoriske prosjekt er tema gjerne ein kommune, ei bygd eller ein bydel, derfor snakkar vi også ofte om geografiske prosjekt. Men i prinsippet er den einaste forskjellen at tematiske prosjekt som sjøfart, kunstnarliv eller migrasjon og geografiske prosjekt som Haram, Rana eller Åseral er at dei tre siste har lokalhistoriske tema.
Eg har vore med å utvikle ei lang rekke minnesamlingsprosjekt, og i dette kurset har eg forsøkt å samanfatte dei viktigaste erfaringane.
(Bildet: Sjøfartsprosjektet i Bergen er det som har gått lengst samanhengande - frå 2015 tildags dato)
Etter mi erfarin er tre ting avgjerande: Klart mål - godt samarbeid - og handlingsrom for eldsjeler.
Målgrupper:
Overordna leiing, investorar / finansieringspartnarar, prosjekteigarar, prosjektleiarar og nøkkelmedarbeidarar. Eldsjeler.
Mål:
Dette er eit dagskurs berekna på å utvikle ein ide framt til ferdig disposisjon for prosjektskildring og finansieringssøknadar.
Innhald:
Kvart kurs må tilpassast særskilt. Men det fylgjande er eit eksempel på timeplan:
Bjørn Enes: Om munnleg historie: Verdien av intervjusamlingar som som supplement til tradisjonelt kjeldemateriale. Etikk, opphavsrett og personvern. Tekniske utfordringar og løysingar. Skisse av prosjektforløp.
Vertskap: Idépresentasjon.
Diskusjon om målformuleringar for innhald, omfang og kvalitet. med målsething å kome fram til ei kortformuleing av prosjektmålet.
Økonomiske vegval: Mest mogleg sjølvhjelpt - eller innleigd nøkkelhjelp? Tekniske utstyr og infrastruktur - eige eller leige? Organisering av lita effektiv arbeidsgruppe eller mål at flest mogleg er involvert?
Kven er aktuelle samarbeidspartnarar? (Frivilligeorganisasjonar? Bedrifter og fagmiljø? Forskings- og beveringsinstitusjonar? (Musé? Arkiv?) Har vi eldsjeler her? La oss i så fallhøyre på dei? Kven skal vere prosjektleiar?
Lunsj
Tid for tal: Kven - og kor mange - skal vi intervjuast?
Skisse av prosjektforløp:
Budsjett.
Finansieringsplan
Kursevaluering.