Haydom
Forteljinga om ein "booming city" i Tanzania
I 2004 kunne Haydom Lutheran Hospital i Tanzania markere at det var femti år sidan sjukehuset vart grunnlagt. Eg fekk høve til å gjere eit djupdykk i dette stykket aust-afrikansk lokalhistorie - resultatet vart denne boka, "Eventyret i Haydom".

Det er ei forteljing om ei veldig rask utvikling - frå så godt som ubebudd villmark med eit og anna hushald som levde av hakkejordbruk eller halv-nomadisk kvegdrift, til eit moderne bysamfunn. Alt hendte i løpet av berre 50 år - og alle som hadde vore sentrale i utviklinga levde og kunne intervjuast.
Det er eit tett venskaps- og samarbeidsforhold mellom Haydom og både institusjonar og frivillige organisasjonar i Noreg. Les gjerne meir på nettsidene til "Haydoms venner" (Sjå bilete her: bjornenes.no/Haydom)
Bilete frå Haydom: