BjornEnes.no

Foredrag  på historieseminar i regi av Demokratihusets Venner  i Arendal 12. august 2024:

Langt unna Maktas korridorar fór ein heil AUF-generasjon ut til venstre og blei borte.

Ei mikrohistorisk livsforteljing og eit makrohistorisk tilbakeblikk.

Bjørn Enes starta sitt politiske liv i Vennesla Arbeiderungdomslag i 1965. Han vart del av ei radikaliseringsbylgje fram mot landsmøtet i AUF i 1969. I 1970 og 1971 var han ryggsekkturist i Afrika, og etter det arbeidde han på Falconbridge Nikkelverk fram til sommaren 1993. Han var aktiv marxist-leninist frå 1972 til 1987, og fagforeningsleiar på nikkelverket frå 1980-87.  Etter Lockouten i 1986 brukte han fritida  på litterært og journalistisk frilansarbeid, og mellom 1993 og 2003 arbeidde han som avis- og TVjournalist i Fædrelandsvennen. Sidan har har han vore frilansar, frå 2015 med hovudfokus på å bygge opp Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie (oral history). (www.memoar.no

Artikkelen «Industri 3.0.» frå 2013 vil ha mange fellestrekk med det «makrohistoriske tilbakeblikket»  (www.bjornenes.no/industri

Seminaret vil foregå i Skauveien 6 i Arendal, huset der Det norske Arbeiderparti vart stifta 21. august 1887.  

Hei!  Eg heiter Bjørn Enes, og er frilansjournalist.  Sidan 2015 har eg i all hovudsak arbeidd med å bygge opp organisasjonen Memoar (www.memoar.no).  Eg hadde eit lite avbrekk i 2022,  for å gi plass til ny dagleg leiar. Men frå mars 2023 eg er igjen bunden opp 90% til arbeid i Memoar, og 10% til arbeid i Jakob Sande Senter for forteljekunst.  Men det er jo stort sett det same me herjar med i dei to verksemdene også - så ta gjerne kontakt, om gode idéar og tankar om samarbeid!   Meir om historia mi her.


Dette er det eg  brukar det meste av tida mi på:

Eg vil fyrst og fremst halde fram i arbeid med Intervjuseriar saman med Memoar og  historielag, abm-institusjonar, forskarar eller andre  over heile landet. Munnleg historie er erkjenninga av at kjeldeintervjuet - det fyrste leddet i den journalistiske arbeidsprosessen - har eigenverdi og er bevaringsverdig. Eg kan  ta oppdrag innan  intervju, dokumentasjon og publisering.  Eg vil også ta på meg kurs og rettleiingsoppdrag for musé og frivillige. 

Forteljekunst:

Dei andre ledda av journalisten og forfattaren sitt arbeid interesserar meg og -  å lage mine eigne forteljingar om det eg opplever som intervjuar, og refleksjonane mine rundt det.  Atforteljing av intervju  - slik som i eksempelet "Forteljinga om Kjellaug" - nedanfor, er eitt format.  Forteljepanel er eit anna. Tradisjonelle litterære tekstar er eit tredje. 

Avhengig av tid og  interesse,  arbeider eg også med: 

Eg vil prioritere arbeid med Forteljekurs om å formidle livshistorie og livserfaring, kurs i kvalitativt intervju og kurs om å organisere intervju-seriar og  minneinnsamlingar.

Portrettintervju, biografi, levd historie, jubileumsbøker.  Eg vil bidra i den faglige diskursen om munnleg historie i Norden, og eg vil praktisere kunsten å  fortelje, munnleg og skriftleg. 

Rådgjeving:

Gjennom eit mangfaldig liv har eg samla nok gode og dårlege erfaringar og  kunnskapar til å kalle meg klok. Det delar eg gjerne i arbeid med store og små kulturstrategiar.

Dokumentarfilm: 

Eg samarbeider gjerne med fotograf/produksjonsselskap igjen. Mine bidrag blir i så fall research,  manus, finansiering, intervju og planlegging av produksjon og redigering 

Det var dette med Bjorn Enes....

Framtida? 

Ingen av oss veit korleis framtida blir. Men planar kan vi jo legge. 

Eg vedgår at eg nå har passert 70 år. Men eg har ingen planar om å trappe ned. Så ikkje ver redd for å hive fram idear som me kan utvikle saman! 

Eg kjem til å ha base i Bergen også framover, men eg kjem til å jobbe over heile landet. 

Epost er beste måten å ta kontakt med meg direkte  - skriv til post@bjornenes.no. Eller til bjorn@memoar.no 

Eg har elles tel 41516745 - og postadressa er Nordbøveien 16, 5009 Bergen  

Sandviken, Bergen, 30/10-2022