Til minne om Linda

BLOGGFORTELJINGA ER BLITT PAPIRBOK

Romanen "Til minne om Linda" er ei forteljing om ein kjedereaksjon av haldningar og hendingar som skakar opp ein by gjennom tre vinterveker.

  • "Det har lagt seg ei einsemd over tida og menneska som lever i henne"

  • "Under overflata av lukka, innvende andlet boblar livet i alt sitt mangfald, alt sitt drama, all si gru"

  • "Dei kjende seg lukkelege, sterke og samde når dei stod i ring og ropte i kor, om det var godt eller vondt det dei ropte"

  • "Men ho trur ikkje ho kan klare det, så ho gir seg, og det er desse sterke signala om at ho gir seg, som fangar alle her."

  • "På turre dagar ville dei vore redde for væte frå kvarandre. Men når det regnar og bles, kjem dei nærare, dei ser endåtil på kvarandre, og dei ler."

  • "Ved det same kafébordet diskuterte dei om det er eit særskilt kulturtrekk med denne byen at folk stiller opp når ulykker og illgjerningar hender? At folk samlar seg rundt den som vert råka, at dei liksom vil ta litt av hans eller hennar bører?"

  • "Verda delte seg i to. På den eine halvkula sat mor til Lolita, Alvarez og eg, medan stefaren stod utanfor og røykte. På den andre halvkula sat og stod og låg alle dei andre i verda."

  • "Der er store ulikskapar mellom somaliske og nordeuropeiske mordarar. Men der er store likskapar og. Den viktigaste likskapen fins mellom dei av mordarane som oppriktig meiner at dei har rett til å drepe".

  • "Eg trur aning er viktigare enn sanning. Aning er noko ubeskriveleg som ligg mellom undringa og sanninga. Eg kallar aning for liv, og sanning for daud undring."

  • "Eit mord søkk ganske fort ned i sine eigne sirklar, men der vert det verande i generasjonar."

"Eg"-personen i boka avslører tidleg at han har laga forteljinga som ei slags «tre-dimensjonal modellering av det verkelege», for at han skal klare å forstå dei fryktelege hendingane som utspant seg. Mot slutten av forteljinga kan han ikkje kome unna spørsmålet om si eiga medskuld..

I mai 2013 valde eg å starte publisering av romanen som framhaldsforteljing i bloggformat. Den vart publisert med eitt avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag i perioden 29. mai til 23. desember 2014 på adressa www.bloggforteljing.no. Der ligg teksten framleis.

I august 2013 bestemte eg meg for at eg også ville distribuere henne i papirformat. Lanseringa var i november 2013. Eg har berre registrert to omtalar - sjå "Slakt i Fædrelandsvennen" og kommentar frå Simon Andrewes.

Boka kan kjøpast i dei fleste nettbokhandlar, tingast i andre bokhandlar eller kjøpast direkte frå bjorn@enes.no

ISBN 978-82-92712-94-8. Sidetal: 472. Hft. Tilrådd pris: 300,-

http://www.norli.no/webapp/wcs/stores/servlet/ProductDisplay?urlRequestType=Base&catalogId=10051&categoryId=&productId=1594931&errorViewName=ProductDisplayErrorView&urlLangId=-101&langId=-101&top_category=&parent_category_rn=&storeId=10651
http://bloggfortelling.blogspot.no/

Meir om innhaldet i forteljinga:

Ein kortversjon av intensjonane mine finst i synopsis for lanseringsforedraget.

Bloggar: Under og etter arbeidet med romanen har eg publisert fleire bloggar om problemstillingane eg har arbeidd med i bokprosjektet. Snarveg til bloggen er http://blog.enes.no Dei viktigaste bloggane er:

Foredrag - debatt: Eg tek gjerne mot invitasjon til å framføre foredrag og / eller ta del i debatt om boka og problemstillingane i den.

Kontakt: bjorn@enes.no - tel 451516745

Forteljinga kan også lesast i feltet nedanfor.