2017-bjornenes.no

Memoar: Om å byggje frå botnar....

Hausten 2015 starta for alvor arbeidet med å bygge opp Memoar - ein organisasjon og eit arbeid med formål å "fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv".

Heile dette arbeidet vert dokumentert i bloggen Memoar.blog og forteljingane som kjem ut av arbeidet vert publiserte på hovudsida www.memoar.no.

Vårhalvåret 2017 er arbeidet kome ganske langt. Me arbeider med Sjøfartsminne, lokalhistorie i Bergen, og det kulturelle utviklingsprosjketet "Krafttak for munnleg historie i Hordaland". I Kristiansand arbeider me med ei stort lokalpolitisk minneinnsamling, og i Telemark samarbeider me med Industriarbeidarmuseet om munnleg historie i samband med den industrielle verdsarven i Telemark. Me har og eit prosjekt om krigsminne og er i oppstarten av ei rekke lokale prosjekt i samarbeid med sogelag og bibliotek i Hordaland.

Les meir på Memoar si hovudside www.memoar.no

ForteljarBjornEnes-Bedriftshistorie

2014-15: Samfunnsretta psykisk helsearbeid

Frå sumaren 2014 til desember 2015 hadde eg gleda av å arbeide saman med fagmiljøet i Avdeling for barn og unges psykiske helse (ABUP) ved Sørlandet Sykehus i eit prosjekt for å styrke avdelinga sitt samfunnsretta arbeid.

"Industri 3.0"

Ved sida av ABUP sitt individretta arbeid med å diagnostisere, behandle og rehabilitere tilviste pasientar, har avdelinga og viktige samfunnsretta oppdrag som forebygging, formidling av kunnskap, nettverks- og holdningsarbeid.Mykje tyder på at det samfunnsretta arbeidet vert viktigare i åra framover. Psykisk uhelse er ein av de største utfordringane for born og unge sine levekår, og den hyppigaste årsaka til at unge droppar ut av skule og arbeid.

Nokre utfordringar har nærast karakter av epidemi – det gjelder særleg angstproblem. Det er naudsynt å supplere tradisjonell ein-til-ein-terapi med nye arbeidsmåtar som mobiliserer ressursar i nettverket rundt einskildklientar, både i forebygging, sjølvhjelp, meistring og i behandlingsmetodane. Dei nye arbeidsmåtane må utviklast slik at dei reduserer behovet for tilvisingar til spesialistbehandling.

ABUP er i full gang med å prøve ut primær- og sekundærforebyggande arbeidsmetodar kombinert med forskning innen friluftsterapi, i samband med sceneprosjektet Fargespill og i kultur/helseprosjektet KickOff som ABUP driv saman med Raudekrossen.

Les meir under Kulturprosjekt / Mediehuset Abup

Velkommen til sida mi, forresten !

Eg har alltid hatt moro av å fortelje historier, og sidan tidleg på 1990-talet har det vore yrket mitt og. Strengt tatt er det vel journalist som er den rette merkelappen på det eg driv med, men sjøl så likar eg best å kalle meg forteljar. For det er essensen i det eg kan og vil.

Best kan eg dette med å skrive forteljingar. Dei fyrste eg fekk på trykk var dikt og fiksjon. Seinare vart det journalistikk og sakprosa - og no, frå omlag

2012 - tek eg til å lukte på fiksjonen att. Det ser for meg ut til å vere slik at nokre gonger kan ein kome tettare på det verkelege med å dikte enn med å dokumentere. Det er som i metallurgien: Skal ein få fram reint nikkel, må ein raffinere, for i naturen sjølv fins det berre i forindelsar med andre grunnstoff.

Mykje av tida mi brukar eg elles på dokumentarfilm. Eg lærte meg å lage fjernsyn sist på 90-talet, eg tenkte at i den digitale tidsalderen må ein forteljar mestre både tekst, lyd og levande bilete. Samarbeidet med Frode Vestad og Dokufilm tok til i den tida - og har helde fram i alle år sidan.

Har du tid, så klikk deg litt rundt på sida mi - eg vil gjerne syne fram litt av arbeidet mitt!

I august 2014 la eg siste hand på artikkelen "Industri 3.0".

Artikkelen vart publiserte i pamflett-format av Manifest Forlag, under tittelen "Kven skal bygge landet?"

I september 2015 republiserer eg artikkelen på nett, av di det trengst enkel tilgang i samband med eit oppfylgjingsprosjekt i regi av Memoar.

Industri 3.0 kan lesast her.

Tekstar som kan lastas ned

Eventyret i Haydom

Forteljinga om korleis ein by voks fram frå ingenting i Tanzania mellom 1954 og 2004. (Papirboka er berre tilgjengeleg på engelsk og swahili)

100 års nikkelproduksjon -

Fire korte tekstar som eg lagde då Nikkelverket hadde si 100-årsmarkering i Kristiansand i juni 2010. Trykte i gåvebok til Xstratatilsette.

FIKSJON:

"Heltemodige menn"

Kriminalforteljing publisert i A.magasinet i 1990

"Den andre millionen" -

Kriminalforteljing publiserti i A-Magasinet 1990

"En festning for Samson" -

Kriminalforteljing publisert i A-Magasinet 1993

FILM:

"Dømt til å leve"

Om Auschwitzoverlevaren Edith Notowicz - Dokufilm 2011

"Fortid(d)" -

Helsedokumentar om komplekse psykiske traumer / relasjonstraumer. Dokufilm -2010

"En Lasarus - Om tapere og vinnere i en medisinsk revolusjon" - Helsedokumentar, Revmakanalen / Dokufilm 2011