Industriprosjekt

I januar, februar og mars 2014 arbeidde eg som prosjektmedarbeidar i Manifest Analyse for å utvikle "en rammefortelling om industriens betydning for Norge". LOforbundet Industri Energi var også med i samarbeidet for å gjenreise debatten om industripolitikk og modernitet i fagrørsla og den generelle norske politiske diskursen.

På sidene under dette publiserer eg hausten 2015 både den ferdige teksten i boka, og ein del av det materialet som eg samla under forarbeidet. Tittelen som boka fekk på Manifest Forlag ("Kven skal bygge landet?") var lite treffande for innhaldet i boka. Årsaka var nok at boka var del av eit større prosjekt for å styrke Manifest Analyse sin posisjon i forhold til industrifaga.

Når eg no publiserer teksten sjølv, vil eg gi han attende min eigen tittel: "Industri 3.0"