0.1 Synopsis

Når former endrar seg, er det lett å tru at innhaldet også gjer det. Og når former har stivna, er det ei lette å kaste dei på bålet. Slik er dei to essensane i historia om den norske venstresida og industrien:

    • Då den elektroniske revolusjonen førte til grunnleggande endringar av industrien sine former og utsjånader frå ca 1975 og utover, feiltolka mange det som «av-industrialisering» .

    • Progressive klamra seg så lenge til «før-elektroniske» vanetankar, språk og symbol, at teorien om «av-industrialiseringa» vart ei lette. Slik vart dei og framande for «folk flest»

Målet med denne pamfletten er å fortelje kvifor eg meiner dette, og kva eg meiner må diskuterast.

ML-anlegget

I januar 1972 kom eg frå ei reise gjennom Afrika til eit av dei fyrste industrianlegga i Europa med elektronisk styring. Eg skulle berre jobbe der til eg hadde betalt tilbake eit lån til flybillett frå Nairobi. Men eg vart fysisk verande i 21 år, og kulturelt / mentalt / ideologisk har eg aldri slutta der.

Det heitte Mattelutingsanlegget, og var ein fabrikk i fabrikken, ei avdeling av Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand. Den store fabrikken var gamal og gamaldags og hadde omlag 1400 mann i arbeid. Den vesle, nye var som eit stort forsøksanlegg, eit eksperiment, med knapt hundre mann.

Men dei to systema utførte det same: Begge var lange og kompliserte kjemiske reaksjonsrekker som raffinerte ferdig metall (nikkel, kopar, kobolt og edelmetall) ut frå eit konsentrat av svovelsambindingar.

Den gamle prosessen omfatta mykje manuelt arbeid, organisert som arméane på Napoleon si tid: Strengt hierarkisk, displinert, einsretta, med kunnskapsmonopol i toppen.

Den nye prosessen var i all hovudsak automatisert, og kravde berre manuelt arbeid når teknikken svikta. Det kravde ein heilt annan kultur: Flest mogleg måtte ha mest mogleg kunnskap. Flest mogleg måtte ta eigne avgjerder. Strukturen måtte vere flat.

Alt var nytt og annleis på ML-anlegget. Folk som hadde erfaring med industri, såg ned på det og lo av det og bortfortklarte det, og i fagforeininga var der mange som meinte arbeidsorganisasjonen på ML-anlegget var laga for å lure folk. Det var ei utspekulert form for «union busting».

«Postindustrialismen»

Men gjennom dei førti åra som har gått sidan, har eg sett korleis liknande kulturar som Mattelutingsanlegget har teke over felt etter felt i samfunnet:

    • Frå 1975 og fram til århundreskiftet vart heile Falconbridge bygd om etter dei nye prinsippa.

    • I same perioden har all annan industri gått same veg, for dei som ikkje gjorde det er flytta til deler av verda der lønene er så låge at det framleis kan skapast profitt på gamaldags vis.

    • Bank- og finanssystema fylgde snart etter: Datainnsamling og kontroll vart automatisert, naudsynt arbeid vart omorganisert og strukturane flate: No hentar folk pengane sjølve, frå automatar på utsida av skrankelause bankar.

    • Så spreidde det seg til kommersiell sektor: Diskane vart borte – folk gjekk sjølve og plukka varer. Stordrift og industriell tenking slo gjennom – småbutikkane forsvann og kjøpesentra vart det vanlege.

    • Ein stad på vegen slo militærvesenet om. Ikkje på grunn av ideologi, berre på grunn av dei nye krigsverktøya som kom frå industrien: Færre soldatar kunne gjere meir – under føresetnad av høgare kunnskap og flatare struktur. Napoleonske armear vart dimitterte, kadaverdisiplin vart avlegs.

    • Så nådde det fram til den offentlege forvaltninga: Statsdata vart oppretta i 1988, etter to år som underavdeling innafor Rasjonaliseringsdirektoratet. Eit kvart århundre seinare gjer innbyggarane sjølve det meste av det administrative arbeidet som ikkje er overteke av maskinane, så som oppføring i folkeregister eller sistekontrollen av sjølvmeldinga.

    • Og til sist – langt ut mot slutten av nittitalet eller over vippen til det nye tusenåret, nådde det fram til kulturen. Fjernskrivaren, som ein gong var årsaka til journalistikken si opphøgde stilling, står no i heimen til kvar einaste innbyggar, og ligg i lomma til minst kvar tredje. Hierarkiske media, folkerørsler og religionar er på veg ut av historia. Interaktivitet er blitt ei sjølvfylgje, og ein velformulert lesar får lett meir merksemd enn ein velrenommert redaktør.

Det er eit aukande medvit no, om alle ungane som har fylgd med badevatnet sidan 70-talet. Mest omtalt er fragmenteringa, ghettoiseringa og individualismen. Men eg trur at dei alle tre er uunngåelege konsekvensar av dei nye, flate strukturane. Når eit hierarki vert borte, misser fellesskapet ein dimensjon. Fellesskapet vert ikkje borte for det. Det er formane som uttrykker fellesskapet og fellesinteressene - symbola, organiseringa og språkert – som er mogne for nyskaping. Progressive og fagrørsla sine tankar, språk, symbol og organisering er del av dette.

Mot-teori:

Det var ein gong ein mann som tenkte djupt om dette. Det er utviklinga av verktøy og arbeidsorganisasjon som bestemmer historieutviklinga, sa han. Endringar forplantar seg frå basis – der produksjonen går føre seg – til overbygning i samfunnet, så som juss, forvalting, kultur og religion. Han kalla det «produktivkreftene si utvikling». Sjølv heitte han Karl Marx.

Han var inne på ein annan ting og: Verktøyutviklinga ville måtte binde menneska stadig tettare til kvarandre. Arbeidsdelinga ville bli meir og meir avansert, og alle ville verte stadig meir avhengige av alle. Han kalla dette for «produktivkreftene sin samfunnsmessige karakter», og meinte at denne utviklingstendensen ville gjere det private profittmotivet meir og meir problematisk og avlegs.

Eit tredje element som eg trur er viktig, er teorien om at drivkrafta for utvikling er konfliktar. Aldri skjer det så store sprang i utviklinga som under kriser. Teoretisk sett skulle det vere mogleg både å analysere seg fram til kva retning historia vil ta og korleis tempoet vere gjennom å studere «produktivkreftene» og dei subjektive og objektive konfliktlinene.

Etter mi erfaring har desse tankane hatt like stor relevans for dei siste førti, femti åra, som dei hadde for hundreåret før. Teoriane sprang ut ifrå ei studie av industrien, omlag eit halvt hundreår etter den mekaniske revolusjonen (spinning Jenny, dampmaskinen og maskinveven). Eg trur ei ny studie av industrien eit halvt hundreår etter den elektroniske revolusjonen er nøkkelen både til å forstå samfunnet i dag og kva for utviklingstendensar som vert viktige for framtida.

Men det viktigaste ordet som kjem opp når eg ser attende på det eg har lært i norsk industri og det førindustrielle Afrika, såg aldri Marx: Kunnskapsakkumulasjonen. Den er så vanskeleg å få i gang (Afrika), den får så veldig betyding når den «tek av» (Noreg) – og den er så lett å gjere ende på om eigarar og politikarar ikkje forstår industrien. Der ligg hovudmotivasjonen for å lage denne pamfletten.

Og no begynner mitt bidrag: Forteljinga om kva eg såg og kva eg tenkte då eg kom heim frå Afrika.