6. Kva er ein progressiv industripolitikk?

Sjølv om gamle Karl Marx aldri hadde fantasi til å tenkje seg kor store sprang som skulle kome i «produktivkreftene si utvikling», meinte han både at historia utviklar seg sprangvis og at ho går frå det enkle til det meir avanserte. Marx var ikkje fyrst og fremst ein talsmann for fattigfolk og undertrykte, han var fyrst og fremst ein teknologioptimist. Han meinte at kvar tekniske nyvinning ville føre menneskeslekta vidare til nye. Dei industrielle produktivkreftene ville veve menneska tettare og tettare saman. Meir og meir avansert arbeidsdeling ville gjere alle avhengige av alle. Denne «samfunnsmessige karakteren» av produktivkreftene ville kome i eit jamt skarpare motsetningsforhold til den kapitalistiske produksjonsmåten, der poenget med kvar produksjonseining var mest mogleg overskot til eigarane.Poenget hans med å appellere til arbeidarklassen, var at dei hadde alt å vinne og ingenting å tape på ei omorganisering av samfunnet, slik at fellesskapsløysingar vart det normale – og den teknologiske utviklinga kunne gå fritt. Eigarar av kapitalvarer, grunn eller særrettar hadde alle noko å miste.

Marx rekna med at den faste kapitalen – og i hans ordbruk var det fyrst og fremst maskinane – ville bli dyrare og dyrare di meir avanserte dei vart. Samstundes ville forbruksvarene som kom ut av maskinane, bli billegare og billegare. Det var ikkje problematisk, så lenge det var varemangel og folk hadde pengar til å kjøpe for. Men etter kvart som fleire og fleire sette i gang industriell produksjon, vart det balanse mellom tilbod og etterspurnad – og kanskje det som endå verre var for kapitalistane: Konkurranse.

For å motverke det Marx kalla «profittraten sin fallande tendens», måtte konkurransen handle om å presse prisane på den variable kapitalen nedover. Den variable kapitalen var fyrst og fremst arbeidsløner. Men dermed oppstod neste problem, for i og med at industriveksten gjorde arbeidarane til ein større og større del av befolkninga, ville dei også bli ein større og større del av marknaden. Lågare løner ville dermed rett og slett bety sviktande marknader.

Etter kvart ville dette systemet kome i uløyseleg konflikt med seg sjølv. Grunnproblemet ville vere mangel på kjøpedyktig etterspurnad, og derfor ville kapitalismen vikle seg inn i stadig større overproduksjonskriser.

Han henta alle analysane sine frå studiet av den fyrste industrielle revolusjonen. Han såg korleis arbeidsoperasjonane vart stykka opp og arbeidarane vart til «maskinvedheng». Det var frå dette teknologiske nivået han utvikla teorien om framandgjeringa, det største hinderet for at arbeidarane skulle sjå samanhengane og si eiga historiske oppgåve.

Eg meiner at desse tankane og observasjonane framleis er høgst relevante.

Men det har altså – etter mitt syn – vore to industrielle revolusjonar etter Marx. Alt ser annleis ut enn det gjorde midt på 1800-talet. Eg har fortalt litt om observasjonar eg har gjort av endringane, og hinta litt om politiske konsekvensar som eg ser. Men eg trur det ligg der eit svært arbeid framfor alle som måtte ynskje å ta opp att spørsmålet om kva som er ein progressiv industripolitikk.

Grunnproblemet ser for meg ut til å vere uendra: Teknologiar som ville vore best til nytte i fellesløysingar for alle, vert amputerte og maltrakterte for at dei skal gjerast eksklusive for dei som kan betale. Det er eigar- og profittinteresser som bremsar vidare frigjering av produktivkreftene. Grådigheit og kortsiktig spekulasjon er hinder på vegen frå naudsynet til fridomen sitt rike.

Produktivitet

Ei dame kan grave ei grøft på ein dag, med ein spade til 200 kroner. Eller: Ho kan grave ei grøft på ti minutt, med ein gravemaskin til ein million. Det er ikkje alltid produktivt å bruke gravemaskinen. Tek det meir enn ein dag å hente han, er det ikkje bryet verdt. Men er maskinen fyrst til stades, vert arbeidskrafta sin produktivitet 48-dobla med maskinen.

På ein god dag kan nok dama arbeide fortare, når sant skal seiast. Viss ho arbeider dobbelt så fort med spaden, doblar ho produktiviteten. Viss ho arbeider dobbelt så fort med gravemaskinen, vert produktiviteten 96-dobla.

Slik er poenget med produktivitet. Om ikkje spinnemaskinar, dampdrift, kraftstasjonar og alle dei moderne naturvitskapane og elektronikken hadde vore, hadde det heller ikkje vore bruk for omgrepet «produktivitet». Då hadde det vore nok med «arbeidsmoral».

Det er ikkje så dumt å etablere ein produktivitetkommisjon, slik Siv Jensen gjorde i februar 2014. Men ho gav kommisjonen eit så uforståeleg mandat og ei så underleg samansetjing at det er lite å vente seg frå han. Mandatet er proppfullt av insinuasjonar om at førre regjeringa var årsaka til lågare produktivitet, og at det nå må trekkast lærdomar frå dei tre andre landa som har høgrepopulistar i regjering (Danmark, Australia og New Zealand). Mandatet peikar elles på dei same tre mantraa som løyser alle andre spørsmål: Nedskjeringar i offentleg sektor, konkurranseutsetjing og høgare arbeidsmoral (som vanlegvis betyr lågare sjukepengar).

Eg vil tilrå diskusjonar med og om dama i grøfta, heller enn å vente på Siv Jensens kommisjon.

Det finst eit tredje alternativ for å få fart på grøfta: Det kan leigast inn åtte uorganiserte gravarar frå Aust-Asia som spar for halve eller ein tredel av løna. Dei gjer jobben på ein time der «vår dame» måtte bruke åtte. Prisen vert den halve eller ein tredel (minus dei ekstra spadane). Men korleis går det med produktiviteten?

På skrivebordet er han uforandra – grøfta krev framleis åtte «manntimar». Men i det verkelege liv går han kraftig ned, det veit alle som har grave grøfter. Ein må vere økonom for ikkje å more seg med tanken på kaoset. Dei måtte truleg hatt ein formann med seg òg, dei åtte, og då ville produktiviteten gått endå meir ned.

Ein må vere høgrepopulist for å tru at lågare løn og høgare tempo gir auka produktivitet. Sosial dumping fører til lågare produktivitet. Det er direkte målbart for eksempel i byggebransjen. Der har tilgangen på billeg arbeidskraft vore så stor, at det har lønt seg for byggeselskapa å redusere bruken av maskinar (og stillas og innkvarteringsbrakker og sanitærforhold). På kort sikt gjer det innsparingar, sjølv om produktiviteten går ned. På lang sikt er det sjølvmord for ein industrialisert økonomi.

«Det finst to slags arbeidsplassar», seier Leif Sande, forbundsleiaren i Industri Energi. «På den eine er løna 90 prosent av produksjonskostnaden, og maskineri og råvarer resten. På den andre er fordelinga motsett: Råvarer, teknologi og energi er 90 prosent, arbeidet er 10. Det er dei siste me lever av, her i landet.»Han er sjølv gamal oljearbeidar, landbasert, rett nok, frå raffineriet på Mongstad, men det fell likevel mest naturleg for han å bruke plattformarbeidaren og kantinearbeidaren som eksempel. Den fyrste produserer oljefat i titusenvis på eit skift, berre med å gå nokre rundar og ta nokre prøver og klikke litt på ein dataskjerm. Produktiviteten hans er skyhøg, og løna hans er berre peanøtter i forhold til prisen på plattforma og alle dei installasjonane som ligg på sjøbotnen og djupt i grunnen under han.

Men skal det vere noko tak i han, må han ha lunsj klokka tolv og middag klokka seks. Då går han til Wenche i kantina, som skjer tomatar og vispar eggerøre så ein kan bli svimmel av å sjå, ho set seg ikkje nedpå før siste mann er mett og det er rom for ein liten kvil før ho må rigge til dei som skal på nattskift. I cateringselskapet som ho arbeider for, er løna hennar den største hovudpina dei har: Tomatar, ja vel, og egg, jo jo, men Wenche si løn – det er nitti prosent det. Eller noko slikt. Og om statistikarane hadde kome ned til den einskilde og vist reknestykka sine, hadde Wenche vore på nivå med mannen med spaden, medan Leif Sande hadde gjort mannen med gravemaskinen til skamme. Tenk berre 96-dobling av produktiviteten!

Så lite har produktivitet med arbeidsmoral å gjere!

Eit moderne land er eit land med eit fundament av industri der produktiviteten er skyhøg. I industrien vert alt det produsert som dei andre transporterer, pakkar, stiller ut, sel, forklarer, bruker, vidareutviklar, samlar inn, sorterer og attvinn. Statistisk sentralbyrå si utrekning av gjennomsnittsproduktiviteten gir ein god peikepinn på balansen i økonomien. Vert det for lite innovasjon i industrien, går gjennomsnittsproduktiviteten ned. Og då er det fare på ferde.

«Industrien er som hjartet i økonomien,» seier Erik S. Reinert, og spissar med ein parallell frå medisinen: «Ikkje eingong homøopatar eller religiøse svermarar har funne på teoriar om at eit menneske kan klare seg utan hjarte, sidan det er under ein prosent av kroppsvekta.» Me har økonomar til slikt.

Det er progressivt å auke produktiviteten.

Klima

I den tidlege moderniteten var naturen vond. Det var progressivt å temje dei primitive kreftene og gjere seg til herre over naturen. Jarn skulle vinne over tre, dampdrift over segl, fabrikkar over handverk og manufaktur. Fossar skulle omskapast til «kvitt kol».

Det var storbonden i Ullensvang som var mot dette. Og Knut Hamsun. Og alle dei andre romantiske og reaksjonære godseigarane og politikarane og filosofane og som fylke seg attom påstandane om at det var betre før, det var meir naturleg, rett og slett.

Så vart naturen god og industrien vond. Dette har eg alt vore inne på, det hende òg i åra rundt 1975. Det oppstod ein underleg allianse då, mellom romantikarar som helst såg industrien nedlagd og borte, og industrielle entreprenørar som såg løysingar i ny teknologi. På motsett side av frontlinene i miljøpolitikken var alliansane like underlege: Der stod endringsuvillige industriherrar og servile fagforeiningsleiarar saman med forskarar og politikarar som aldri kunne førestille seg andre framtidsscenaro enn slike som spegla det som er forbi.

Dei er som nemnt borte no, stort sett. Personane kan nok vere der, haldningane og – bitrare enn nokon gong – men industriane som dei meinte måtte få vere som dei var, dei er ikkje meir. Nokre av dei fann løysingar i ny teknologi. Andre er blitt samtidsruinar. Og fisken er attende i fjellvatna, lauvet attende rundt fabrikkane – og badevatnet attende langs bystrendene.

Naturen er framleis stort sett god. Men er industrien det?

Sjølv om industrien viste seg å vere både problemet og løysinga når det gjaldt sur nedbør, tungmetall og ozon, ser det ut til at dei gamle alliansane held, på båe sider av den fronten som no er den heitaste: Klimakampen.

Det står framleis endringsuvillige industriherrar, servile fagforeiningsleiarar, «klimaskeptiske» forskarar og populistiske politikarar og nektar for at det finst noko klimaproblem. Etter kvart som den eine forskingsrapporten legg seg oppå den andre, er «skepsisen» etter kvart så patetisk at det hadde vore vanskeleg å ta han på alvor, om ikkje han hadde vore så elegant para med handlingslamming og avsporingskunst hos politikarar og maktstrukturar som i ord tek problemet på alvor, men i handling skyv det over til neste generasjon. På den andre sida står framleis den underlege alliansen mellom romantikarar som helst ser all industri nedlagd og borte, og industrielle entreprenørar som ser løysingar i ny teknologi. Eg ser ikkje lyst på framtida for den alliansen. Symbolpolitikken til dei som ser industrien som problemet, kjem lett i konflikt med arbeidet til dei som ser industrien som løysinga. I den «tabloidiserte» debattkulturen som har festa seg, er det vanskeleg å bli forstått for den som vil resonnere med båe sider av industrien si rolle, ikkje minst så lenge mange meiner at industrien ikkje lenger trengst.

Eg meiner at det et progressivt å sjå på industrien som løysinga, og at alt frå forbrukar- og fagforeiningsmakt til forsking og politisk kamp må setjast inn på å presse den teknologiske og industrielle utviklinga i retning klimabalanse. Og eg trur ikkje det er progressivt å gå inn på lettvinte kompromiss med miljø som trur at løysinga ligg i å avindustrialisere.

Energi

Då EU starta prosessen med å deregulere kraftmarknaden, var meininga å få kraftprisen ned: I Europa hadde det vakse fram store, ineffektive selskap med monopolprisar i kraftsektoren, noko som hemma annan industri og anna næringsliv. Ved å innføre fri konkurranse innanfor den indre marknaden skulle prisane pressast nedover mot meir reelle kostnader.

I Noreg var utgangspunktet svært annleis. Den omfattande norske kraftutbygginga var både resultat av og årsaka til at «Den andre industrielle revolusjonen» vart den viktigaste i Noreg, og til at kraftkrevjande industri vart fundamentet under den norske økonomien – i alle fall fram til olja vart funnen. Dei aller fleste kraftselskapa i Noreg var kommunale, fylkeskommunale eller statlege, og krafta vart stort sett seld til kostpris. Det kunne nok finnast ineffektivitet i norsk kraftbransje også, men det vart langt på veg oppvege av at det ikkje fanst kostnader til marknadsføring, sal og pristrading.

«I Noreg har liberaliseringa ført til høgare prisar, større svingingar, eventyrlege ekstra inntekter for Statkraft og den nye bransjen av krafthandlarar – og store ekstra kostnader for hushaldningane og kraftintensiv industri», seier Geir Vollsæter. Han er fagforbundet Industri Energi sin lobbyist i energispørsmål. I botnen er han elektrikar, men oppå fagbrevet har han ein amerikansk mastergrad i International Affairs (1996). Han har arbeidd som elektrikar, gasseljar, konsulent og spesialrådgivar innanfor energi og klima – fram til to gamle kjenningar frå gamle NOPEF (Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund) lova å «fri han frå kapitalen sine lekkjer» – og lanserte han som ekspert og lobbyist i fagforbundet Industri Energi.«Det er vasskrafta som gjer aluminiumsindustrien til miljøteknologi i Noreg, medan han er ein klimaversting andre stader i verda», seier han. Vasskraft er ikkje som andre handelsvarer, meiner han. Det er Noreg sin viktigaste ressurs, viktigare og meir varig enn olje og gass. Vasskraft er råvare nummer éin for norsk industri. Det er nøkkelen til norsk miljøteknologi. Eksportkablar for vasskraft er det beste dømet på korleis kortsiktig spekulasjon står i vegen for langsiktig industriell satsing i Noreg.

«Til og med kraftsektoren vert klima-negativ når Noreg eksporterer berekraftig vasskraft for så å importere kolkraft til elektrifisering av sokkelen i neste omgang», seier han.

Det er progressivt å sjå på vasskraft som Noregs viktigaste råvare.

Forsking

Alf Holmelid er forskingsdirektør ved Universitetet i Agder, han er kybernetikar (NTH 1974) med fortid frå Elkem Research (76–97). Han har éin periode på Stortinget for SV (2009–2013) – og han er hovudarkitekten for SVs industri- og forskingspolitikk. Mellom det han er heilt sikker på er dette:

«Det kan ikkje bli noka teknologisk utvikling utan produksjon.» Det handlar om å ha ingeniørar som kan teikne ein idé på serviett og så gå ut på verket og lage han. Han har opplevd kollegaer med dei beste papir og skotsmål, men som likevel ikkje har vore i stand til praktisk nyutvikling.

«Etter mi erfaring er den egalitære kulturen eit av dei sterkaste fortrinna som finst i norsk industri. Me har arbeidarar som ikkje er redde for å vere usamde med ingeniørar og leiarar, og me har teoretikarar som evnar å lytte til praktisk erfaring.»

Berre praktisk produksjon fører saman teoretikarane, konstruktørane og operatørane sine kunnskapstradisjonar. Elkem Research har hatt det som filosofi heilt frå starten, og Holmelid har gjort det til sin. Ei av oppgåvene han arbeidde med der, var å teste korleis nye mineralfunn rundt i verda oppførte seg i smelteprosessar.

«Laboratorietestar på slikt er nesten verdlause – det må gjerast i full skala.» Skal det gjerast som eingongstestar av ukunnige folk, vert det både ekstremt kostbart og fullt av feilkjelder. Men i Kristiansand finst smelteomnane i kontinuerleg drift vegg i vegg med forskingsavdelinga. Alle faggruppene kjenner kvarandre og ser på kvarandre som relativt like. Difor er Elkem Research ei av dei fremste kunnskapsverksemdene i verda innanfor material- og smelteteknologi.

«Eg veit ikkje om dette miljøet kunne ha blitt utvikla til dømes i Kina. Men eg veit at grunnen til at det var bygd her, var at eigarskapen var norsk, hovudkontoret var norsk.»

Slik er Holmelids viktigaste argument for at minst 34 prosent (negativt fleirtal) av eigarskapen til nøkkelverksemder i Noreg bør haldast på norske hender. Han er elles ikkje redd for utanlandsk eigarskap, men han ler godt av den prinsipielt prinsipplause haldninga til Høgre, som for eksempel argumenterte med at det ville vere «kommunisme» å hindre eigarane av Elkem å selje konsernet ut (Svein Flåtten (H) i stortingsdebatten).

«Dei fekk det som dei ville – og no er det Kina sitt kommunistiske parti som bestemmer framtida til Elkem Research!» ler han.

Kunnskapssynet til Alf Holmelid liknar sterkt på oppfatningane til minst tre andre av dei eg har snakka med i dette arbeidet. Kjersti Kleven i Ulsteinvik argumenterte sterkt for næringsretta forsking og utvikling. Berre om lag ein femdel av dei offentlege forskingspengane går til slik forsking, og sjølv om det auka noko i det siste statsbudsjettet, så har trenden peikt nedover i mange år. Geirmund Dvergsdal i Stryn var også oppteken av dette. Han opplevde det som stadig vanskelegare å få forskingsressursar til prosjekt som er relevante i produksjonsverksemder. Han peikte òg på ein annan tendens:

«Det går føre seg ei akademisering av forskinga. Forskarane vert jo evaluerte på artiklar i vitskapelege tidsskrift, ikkje på resultat i produksjonen. Det verkar som at det oppstår eit skilje mellom 'erfaringsbasert' og 'vitskapsbasert' forsking – og at den fyrste taper terreng.»

Økonomen og Raudt-politikaren Torstein Dahle sette kritisk lys på sjølve moteordet «kompetanse» då eg snakka med han. Han underviser ingeniørstudentar på Høgskolen i Bergen, og bruker å seie til dei at kjernen i det utvatna omgrepet er «know-how». Teoretisk kunnskap er ikkje nok, i det verkelege livet er handlaget like viktig. Som døme på dette brukte han historia om då Elkem – eller rettare eigarselskapet Orkla – bestemte seg for å flytte produksjonen ved Bjølvefossen i Ålvik til Island.

0«Dei såg berre på kraftprisane. Produksjonen ville bli billegare på Island» Problemet var berre at islendingane ikkje fekk til å levere dei kvalitetane som var naudsynte. Krava til ferrosilisiummagnesium er ekstreme i dag, og dei er ulike frå den eine kjøparen til den andre. Flyttinga til Island synleggjorde at fleire generasjonar sin samla «know-how» i Ålvik var viktigare enn kraftprisen.

«Då Bjølvefossen fekk industrielle eigarar att, vart produksjonen flytta attende». (Det høyrer med til historia at dei industrielle eigarane som tok over etter «pizzaprodusenten Orkla», var dei same kinesarane som tok over resten av Elkem.)

Handlag er òg progressivt.

Pengar

Noreg fløymer over av pengar. Dette tiåret er ein epoke med svært mange likskapsteikn med Spania etter Columbus. Mellom anna ved at bruk – eller ikkje bruk – av pengar får meir merksemd enn spørsmål om korleis verdiar skal skapast. Det gjeld både på børs, i forvalting og ikkje minst i politikk og media.

«Då me skulle bygge denne nye hallen, var ventilasjonsanlegget det dyraste,» fortalde Kjersti Kleven då me stod og såg på dei to blå robotane som jobba jamt og trutt med plater og bjelkar til midtseksjonen på ein av dei nye båtane som verftet har i ordreboka. «Robotane var ikkje spesielt dyre. Men det var vanskeleg å finansiere dei.»

På same tid som Kleven bestemte seg for å ta skrogproduksjonen heim att, hadde dei også bestemt seg for å bygge ei ny firmahytte for tilsette i Stryn.

«Bankane stod i kø for å finansiere hytta. Men industrihallen var ingen interessert i!»

Forklaringa synleggjer den finansielle logikken som gjeld i Noreg: Ei hytte er «fast eigedom» som i prinsippet stig i verdi kvar gong han vert seld. Men ein industrihall er ei risikoinvestering. Når verftet må til skifteretten (og der må det jo, i og med at industrien er døyande), er hallen utan verdi. Så at ein varsam Sunnmørsbank er skeptisk, er vel ikkje så underleg. Men historia handlar ikkje om ein landsens banksjef: Tunge finansmiljø i eit land som flyt over av pengar, vart konsulterte i ei sak som kan innvarsle eit industrielt epokeskifte. Men ingen såg anna enn risiko.

«Det er ingen tvil om at der er ein dragkamp mellom industriell og finanisell tenking i Noreg!» seier ho. Industriell tenking er langsiktig og strategisk. Finansiell tenking er kortsiktig og pengefokusert og relativt uinteressert i realverdiar.

«Me treng sjølvsagt begge delar. Men: Utan ein kjerne av industri vil verken velferdsstaten eller finanssektoren kunne eksistere.»

Så varsamt må vel ein leiar for bransjeforeininga Norsk Industri uttale seg i eit spørsmål som truleg kan konkurrere i fyrste divisjon om kva som er det mest eksistensielle av alle i Noreg i dag – og for neste generasjon.

Det er – skam å melde – ikkje så mange andre som er opptekne av det. Ein av dei aller største finanskapitalistane i verda i dag er det norske oljefondet. Det er eigd og det vert styrt etter retningsliner vedtekne av Stortinget. Men norsk debatt handlar så å seie berre om moralsk symbolpolitikk, så som om fondet skal trekke seg ut av våpenproduksjon, regnskogproduksjon, kolproduksjon, palmeolje og pelsproduksjon – og så vidare. Det finst så godt som ingen diskusjon om finanskapitalisme, korkje til høgre eller venstre. Norske politikarar er finanskapitalistar. Dei snakkar ikkje om det.

Erik S. Reinert er ein av dei få. Han snakkar desto meir. Han kjem attende til gullet som fløymde inn til Spania då conquistadorane plyndra inkaane og aztekane: «Alt gullet hamna i industribyar som Amsterdam og Venezia. Spania kunne kjøpe alt. Difor bygde dei ingen industri og ingen infrastruktur. Og så tok pengane slutt.»

Sjølv om det alt er gått seks år sidan finanskrisa, har det ikkje gått føre seg noka teoretisk eller politisk nyorientering i vest. I alle fall ikkje i Noreg. Det finst ingen offentleg diskusjon om industriutvikling. Debatten om infrastruktur handlar mest om privatbilisme. Og spørsmålet om ein aktiv statleg industripolitikk er noko som sosialdemokratar helst ikkje drøftar før seint på natt, etter at alle dei andre har lagt seg.

«Mi neste bok skal heite: Korleis Vesten mista sin rikdom!» smiler Erik S. Reinert, og minner om konsekvensane av den abstrakte nyliberalismen i Noreg og resten av Vesten: Fyrst flytta dei mest tilbakeliggande industriane til Asia (tekstil). Så flytta dei mest arbeidskrevjande delane av tungindustrien (verft). No flyttar større og større delar av innovasjonen også. Resultatet er at både kunnskaps- og kapitalakkumulasjonen aukar i Asia medan han minkar i Vesten.

Det er progressivt å krevje at industripolitikken skal styre finanspolitikken.

Fridomens rike

Eg er ikkje sikker på om det ville vere så leitt for Vesten å miste sin rikdom. Det var fridom, likskap og brorskap dei heiste fanene for, dei forfedrane som eg identifiserer meg med.

Fridomskravet retta seg mot slit, svolt og naud, religiøs og intellektuell undertrykking og stengde grenser.

Likskap handla om rettvise, at kvar kvinne og kvar mann hadde same menneskeverd og same rett, utan omsyn til slektskap eller eigedom.

Og brorskap har eg for min del alltid definert som slik lukke som menneska berre kan nå saman med kvarandre.

Vesten sin rikdom representerer vel helst det motsette av alt dette.

Progressiv politikk er etter mitt syn å kjempe for dei lange utviklingslinene som går frå naudsynet sitt rike til fridomen sitt, frå eit tilvære der overlevinga krev alt, til eit tilvære der livet er sjølvsagt og fridomen rår. Menneska har kome langt langs desse linene, i alle fall i delar av verda, men historia er ikkje slutt, og det er naudsynt å halde retninga.

Eg skulle gjerne vore i stand til å foreslå eit heilskapleg program for den distansen som står att. Det er eg ikkje – eg er berre i stand til å peike ut nokre synspunkt som eg meiner må diskuterast mellom folk som vil vere progressive. Og det viktigaste er det same som i diskusjonen på fagforeiningskontoret den førjulsdagen i 1986:

Det er ikkje finansar me lever av. Det er produktivt arbeid.

(Hausten 2015 gjer eg eit forsøk på å fylgje opp denne artikkelen med dokumentasjonsprosjektet "Vendepunkt 1975")