CV - Bjørn Enes
Bjørn Enes - journalist23.02.1951
Nordbøveien 16 – 5009 Bergen
Epost bjorn @ enes.no
Tel +47 41516745
Eg har utdanning som fagarbeidar i elektrometallurgisk industri (fagoperatør), men sidan 1993 har eg arbeidd som journalist, kommunikasjons- og kulturarbeidar.
Sidan februar 2012 har eg bustadadresse i Bergen.
Utdanning:
1970: Examen Artium som privatist – Engelsklinje med musikk. Hovudkarakter: Mtf.
1982: Fagbrev som fagoperatør i elektrometallurgisk industri.
1994-2002: Ei rekke kortkurs ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad.
Yrkeserfaring:
Sommaren -68: Dagarbeidar på Kirscbach sitt sementstøyperi i Vennesla.
Sommaren -69: Hunsfos Fabrikker - skiftarbeidar i Kollerganga på Papirmaskin 1 og 2
Sommaren -70: Dagarbeidar på Mattelutingsanlegget, Falconbridge.
Aug. 1970 – Des 1971:
Frilansjournalist- det meste av tida på ei lengre reportasjereise i nord-, vest- sentral- og aust-Afrika.
Stoffleveransar til Arbeidernes Pressekontor og Fædrelandsvennen.
Jan 1972 – Mai 1993:
Industriarbeidar ved Falconbridge Nikkelverk AS i Kristiansand.
72-80: Driftsoperatør i Mattelutingsanlegget – eit av dei fyrste industrianlegga med elektronisk styring i Noreg.
80-86: Fagforeiningsformann i avd. 40 av Norsk Industriarbeiderforbund.
86-90: Driftsoperatør i Roste- og Smelteavdeling – arbeid med omstilling nedlegging og til sist riving av eldre prosessutstyr.
90-93: Driftsoperatør i Elektroavdeling.
Juni 1993 – Nov 2002:
Journalist i mediehuset Fædrelandsvennen
93-97: Avisjournalist, allround, nyhende og kultur-feature.
97-02: TVjournalist, produsent og utviklar i dotterselskapet TV Sør.
Des 2002 – i dag:
Frilansjournalist
Faglitterære bokprosjekt (sjå vedlegg)
Dokumentar-, helse- og undervisnngsfilmar (sjå vedl.)
Prosjektarbeid innan kommunikasjon, informasjon og utvikling av kulturnæringar (vedl)
Jan 2003 – nov 2011: Deltidstilsetjing som informasjonsarbeidar ved Sørlandet Sjukehus
Jan 2007- Apr 2009: Redaktør og prosjektleiar – utvikling av digitalt tidsvitnearkiv: Fem freds- og menneskerettssentra gjekk saman om å bygge eit sams arkiv av tidsvitneforteljingar og anna audiovisuelt innhald til bruk i undervisning og formidling. Mi rolle var prosjektleiar i forprosjekt og redaktør i oppstartperioden.
Sept 2009- nov 2012: Produsent i produksjonsselskapet Gullveig AS. Forprosjektleiar og leiar då selskapet var etablert. Produsentselskap som tok utvikling av film-, litteratur- og kommunikasjonsprosjekt.
Des. 2008 – Feb 2011: Deltidstilsetjing som prosjektleiar i Universitetet i Agder. Prosjektet First Motion arbeidde for internasjonalisering av audiovisuell / cross-media innhaldsproduksjon i Nord-Europa. Samarbeidspartnerane var frå sju land, lead partner var Filmförderung Hamburg & Schleswig-Holstein og hovudfinansieringa kom frå EU (Interreg/Østersjøprogrammet) Mi rolle var norsk prosjektleiar.
Juli 2011-Jan 2012: Informasjonsmedarbeidar i kulturstiftinga Cultiva (deltid): Eg hadde ansvar for eit kommunikasjonsprosjekt i samband med utvikling av ei strategisk satsing på barne- og ungdomskultur.
2013 - Skjønnlitterært prosjekt: Eg har nytta ein periode med få oppdrag til å utvikle det skjønnlitterære prosjektet ”Til minne om Linda” - ei blogforteling som vert publisert på adressa www.bloggforteljing.no.
2014 - engasjert av Manifest Analyse i faglitterært prosjekt om industripolitikk. Manusforfattar og produsent for Dokufilm i prosjektet "Film mot angst" i samarbeid med Sørlandet Sykehus og Mental Helse. Engasjert av ABUP ved Sørlanet sykehus til tekstutvikling i tilknytting til avdelinga sitt samfunnsretta psykiske helsearbeid.
Vedlegg: Oversyn over produksjonar og prosjekt
Bergen, august 2013
Bjørn Enes