1 Kan me leve av å klippe håret på kvarandre?

Me sat ein gjeng og diskuterte dette spørsmålet like før jul i 1986. Det var på fagforeiningskontoret på Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand, ein tilfeldig gjeng som sat der i middagen i staden for å gå i kantina. Me snakka om kor fort arbeidsplassane forsvann rundt oss. Det hadde berre gått tre år sidan den store metallkrisa, men på Nikkelverket var det alt på veg ned mot 800 arbeidsplassar – frå 1500 på det meste. Rundt oss forsvann den eine industrien etter den andre. «Me kan jo ikkje leve av å klippe håret på kvarandre her i landet?» sa eg.

«Kvifor ikkje?» sa ein som heitte Arnfinn. «Det er jo pengane me lever av.»

«Me kan vel for helvete ikkje ete pengar!» sa eg.

«Å nei? Kan me ete nikkel, då?» sa han.

Olja var komen. Det var jappetid og høgrebylgje. Det såg ut som at all tradisjonell industri var på veg ut, og at det einaste som lønte seg var å flytte og byte pengar og papir. Nyord som «postindustrialisme» og «postmodernisme» var på moten.

Så kom bankkrisa. Muren fall. Sovjetunionen kollapsa med bulder og artilleri frå Austersjøen til Kaspihavet. DotCom-bobla bles seg opp – og sprakk. Ei ny terrorbylgje – og ei ny høgrebylgje som trudde terror kunne stansast med armear og bombefly. Ei ny finanskrise. Ein arabisk vår – og endå ein massakre på palestinarar.

Og så er me her, seinhaustes i 2014. Eg merkar ein trong til nytenking mellom folk. Eit tiår med remjing og populistiske banalitetar nådde eit høgdepunkt med Siv Jensen sin tale om «Den norske modellen som står i vegen for det norske folk» i fjor. Den kom litt for seint til å snu valvinden – men kan hende tidsnok til å gjere 2014 til eit år der store spørsmål vert tekne opp att? Mellom anna dette: Kva skal me leve av her i landet?

Kva levde me av før?

Der me sat, i desember 1986, var ikkje «før» noko spørsmål til diskusjon. Alle visste jo at me levde av industrien. Eksportindustrien førte nikkel, aluminium, ferrosilisium, skip, tørrfisk og sardinar ut på den internasjonale marknaden. Der vart varene bytte med kveite, sukker, ris, bomullstøy, tobakk og anna me ikkje kunne lage sjølve. I tillegg til eksportindustrien levde me av å bruke det me hadde til å lage det me trong. Alt var industri – bortsett frå bøndene og frisørane og lærarane.

Landbruket var tilbakeliggande og konservativt og opprørande dyrt – men naudsynt, for om førre krigen skulle kome ein gong til, måtte me jo ha griser og potetåkrar i landet.

Ein del av folket dreiv berre med kjøp og sal og tenester, så som kjøpmenn og frisørar og tivolistyrarar. Dei gjekk på stas. Me trong dei jo i ei knipe, både lærarar, lækjarar, lensmenn og lekpredikantar. Men arbeid? Det var industrien det.

Det var der det var spennande òg. For min del vart eg politisk interessert alt som 14-åring, og eg såg jo kor det var kraft og fargerikdom i argumentasjonsrekkene. Det var hos folk som hadde hevda seg i diskusjonane rundt papirmaskinane på Hunsfos eller på beddingen på Kristiansand Mekaniske Verkstad, og som hadde teke språket med seg derifrå. På verft, fabrikkar og verk var der folk av alle slag. Der var sjøfolk og amerikanarar, fallerte kjøpmenn og dimitterte offiserar, der var verdsfjerne drøymarar og hissige kverulantar. Hadde du ikkje kraft og fargar i språket, vart du knust der, lenge før du vågde å ta ordet på eit møte. Sjølv om eg høyrde til den generasjonen som utdanningsrevolusjonen handla om, vart det industrien på meg. Fyrst Kirschbach sitt sementstøyperi på Moseidmoen, så Hunsfos papirfabrikk – og så Falconbridge.

«Jobb?» sa personalinspektør Larsen, då eg kom der og spurde. «Kan du begynne i dag?» Nikkelverket skreik etter folk til å smørje, lempe, lange og staple. Larsen sjølv eller agentane hans fór land og strand rundt for å finne folk: Fyrst Nord-Noreg, så Danmark og Skottland. Kort etter at eg begynte, tok jakta på kvinner og pakistanske arbeidsfolk til.

Alle som spurde, fekk arbeid. Då Larsen fekk høyre at eg hadde vore innom gymnaset, sette han meg på Mattelutingsanlegget. «Du må ha litt i hovudet for å jobbe der.» «Korleis då?» sa eg. «Spør ikkje meg – det er ikkje mitt problem», sa han.

Slik var det på dei fleste andre arbeidsplassane òg. Det var industrien si stordomstid, 1950-, 60- og 70-talet. Overalt kunne du sjå og høyre og lukte kva me levde av. Landet vakna til liv tidleg om morgonen – fyrst stilt, med ein og annan sykkel eller moped og så ein buss for skiftfolk som skulle ta til klokka halv seks. Så kom dei enorme folkevandringane fram mot klokka sju. Til Nikkelverket kom det bussar heilt frå Evje, fem mil oppe i dalen, og frå Mandal – og Søgne og Vennesla og Birkeland og Høvåg. Då fløyta bles, vart det bråstilt, berre ein og annan som hadde forsove seg kom springande i stilla den vesle halvtimen før funksjonærane kom stigande. Dei begynte klokka åtte.

Det var den epoken då bustadnauda vart løyst. Ein etter ein flytta me inn i blokker og høghus, i prisregulerte burettslag med innskot og husleige og trappevask på dugnad og forbod mot musikk etter klokka elleve. Me gjekk på folkeskular og folkeboksamlingar og folkebad og folkeakademi, og me festa på Folkets hus. Me stod i velregulerte køar og venta på husvære og telefon og plass for dei gamle på Heimen. Rettferd var å fylgje reglane. Det simplaste av alt moralsk og menneskeleg forfall var dei som freista snike i køen ved å betale under bordet.

Me var ikkje mot bønder. Me hadde dei nært i slekta, og i sumarferiane sat me og jatta med dei. Ja, det var for gale at dei skulle sakke slik etter, no når alle tente så bra og fekk seg bilar, berre ikkje dei. Og matjorda som vart bygd ned. Og garden som ikkje kunne seljast til marknadspris om dei no skulle bli nøydde til å gi opp. Å nei, å nei. Og så gav dei opp, og kom til industrien dei òg.

Me såg vel helst på alt anna enn industri som «fordyrande mellomledd». Så sant det lét seg gjere, gjekk me rett til fabrikkane og kjøpte, utan omvegar som grossistar og detaljistar. Damene gjekk til tekstilfabrikken på Høie og kjøpte metervare og sydde sjølve. Me gjekk til bøndene og kjøpte poteter og haustlam, og rett i båtane i Gravane eller ute på Øya og kjøpte torsk eller reker, og gav vel katten i om dei som selde, vart straffa av eigne samvirke. Tobakk fekk me ikkje på fabrikkutsal, men der var så mange som jobba hos Asbjørnsen eller Moe, at der alltid var einkvan som avsåg litt av månadskvoten for ein billeg penge.

«Tenestenæringar» var for rikfolk. Og andre som ikkje hadde vener.

Var det ei lukkeleg tid?

Lukke er ikkje tema for denne pamfletten. Men la meg likevel stoppe litt med dette spørsmålet – for eg møter så mange drøymarar som spør kvifor det ikkje kunne ha stoppa der? Om ikkje verda hadde vore betre viss me hadde halde oss til det kollektive, det velorganiserte, det rettvise, der alle folk var i arbeid og der var heimeproduksjon og sjølvberging, kollektive løysingar og disiplinerte køar? Det er jo alltid nokon som glorifiserer fortida: 50-åra, 6-0åra, 70-åra. Eg har til og med høyrt om folk som glorifiserer 80-åra.

Men dei har gløymt alle skuggesidene. Dei har gløymt røyken, dei daude elvane, nedsota tørkesnorer og daudbrende knausar rundt fabrikkane. Dei har gløymt dei tynne veggane inn til naboen og hosten hans og dette ordet som ikkje kunne seiast, kreft, som åt dei opp innanfrå, og gravferdene og namsmennene som kom og bar ut sofaen og radiokabinettet etterpå. Dei har gløymt – eller dei såg aldri – sirklane av flirande andlet rundt stakkarane som var annleis, og ropa, og låtten kvar gong nokon slo eller sparka mot ein som var åndssvak eller fant eller ludder eller kommunist. Dei har gløymt skamma, redsla og angsten, all den hemmelege svolten, all djevelskapen på botnen av flasker der folk søkte lukke.

Og dei har gløymt svolten i India, opiumsbulene i Kina, alle dei forsvunne i Argentina og dei garrotterte i Spania. Napalmoffera i Vietnam og dei som blødde til daude i gata mellom murane i Berlin eller hang som framande frukter i trea i Alabama. Og leirane i Sibir. Og barneheimane i Bucuresti. Og det fortrykte hatet i Nanterre, slummen der opprøret starta i Paris 1968.

Kva er industri?

«Det vesentleg nye som kom inn med industrien, var at han gjorde slutt på den avtakande avkastninga. Industrien introduserte det stikk motsette!» seier Erik S. Reinert. Han er professor ved Universitetet i Tallinn, seniorrådgivar i tenkjetanken Res Publica og ein av grunnleggarane av «The Other Canon Foundation» – eit nettverk av annleistenkande økonomar. Han er elles ein aktiv debattant innanfor økonomi, politikk og historie, både på kronikkplass og i bokform. Problemet med avtakande avkastning forklarer han om lag slik: I nokre næringar – jordbruket, til dømes – vil auking av produksjonen før eller seinare møte veggen. Tilgangen på ein produksjonsfaktor, som jord eller til og med olje, kan ikkje vere uavgrensa i same kvalitet og like lett. Han bruker grønsakproduksjon i Vestfold som døme: Når den beste jorda er dyrka opp, må ein til med lyngmoane om ein skal få ut meir grønsaker. Då stig kostnadene dramatisk. Di meir ein vil produsere, di dyrare vert kvar gulrot. Dette har menneska levd med i all tid. Di fleire menneske det har blitt, di mindre har det blitt å dele på kvar.

«Men då industrien utvikla seg, vart dette annleis: Poenget med industri er jo det motsette. Stordrift gjer at di meir ein lagar, di mindre kostar kvar del. Kombinert med innovasjon og teknologisk utvikling er det i prinsippet ingen grenser for kor langt dette kan utvikle seg.»

«Avtakande avkastning i naturressursar gir grunn til pessimisme. Aukande avkastning i industrien gir grunn til optimisme», seier han.

Den prosessen som førte Reinert fram til dei synspunkta han har i dag, tok til alt sumaren 1967, i ein shantytown på ei fylling i Lima. Over ein tekopp i det spinkle skuret til ein familie der, starta diskusjonen som førti år seinare vart til boka How Rich Countries Got Rich and Why Poor Countries Stay Poor (London, New York og Barcelona 2007, Delhi 2009, Beijing 2010 og Moskva 2011).

«Me diskuterte kvifor skilnadene i verda var så store. Alle eg hadde sett i Peru – sjauarane på flyplassen, bussjåførane, restaurantarbeidarane og alle desse som leitte etter mat på søppelfyllinga – arbeidde minst like hardt og mykje lenger enn yrkesbrørne deira i Noreg. Likevel tente alle der eg kom ifrå, om lag tjue gonger meir enn dei i Peru. Kvifor var det slik?»

Han drog til Sveits og studerte økonomi. Han drog til Harvard og tok ein master. Han starta eit industriselskap og dreiv det fram gjennom 19 år. Ingen stad fann han svaret på det enkle spørsmålet frå teselskapet i Lima. Ikkje før han tok til på doktorgradsarbeidet sitt kom han på sporet.

«Men då fann eg det ikkje hos nokon av dei feterte økonomane av i dag – eg fann det hos ein som sat i fengsel og skreiv, i Napoli tidleg på 1600-talet»

Det var filosofen og økonomen Antonio Serra si bok Breve trattato delle cause che possono far abbondare ( Reinert omset tittelen slik: «Kort avhandling om årsakene til at land utan gruver kan bogne av gull og sølv»). Serra sat i fengsel frå 1613 til han døydde få år etter, mistenkt for samansverjing mot den spanske visekongen som den gongen hadde makta i Calabria («tåa» på den italienske støvelen). Ein del av «samansverjinga» gjekk ut på at Serra hadde åtvara mot konsekvensane av det spanske handelsoverskotet etter oppdaginga av Amerika. Gull fløymde inn i Spania, men pengerikdomen førte til at Spania vart avindustrialisert. Antonio Serra påviste at land og område som ikkje var rike på jord- og naturressursar, ofte hadde lettare for å bli rike enn land som fløymde av mjølk og honning. Årsaka var industrien. Og Serra var den som fyrst forsto samanhengen: At industrien ikkje møter det «taket» som fører til avtakande avkastning når han veks. Han såg alt på 1600-talet at industrielle prosessar kan skape meir rikdom di fleire menneske som vert involvert.

I hundreåra etterpå har pengemakt og industrimakt kiva om å prege utviklinga. Eit hundreår etter Serra dyrka for eksempel dei franske «fysiokratane» teoriane om at frihandel var vegen til rikdom. Det førte til revolusjon, for den frie marknaden gjorde at det var store pengar å tene på å halde kornet borte frå Paris. Så lenge folk var svoltne, var det ikkje grenser for kor mykje jordeigarane kunne krevje for kornet. Men så var det den same svolten førte til revolusjon.

«Stormen på Bastillen vart utløyst av at den siste antifysiokraten var sparka som finansminister!» seier Reinert.

Antifysiokratane tenkte som Sierra, og opna vegen for den industrielle bakaren som såg at vegen til rikdom var den stikk motsette av spekulasjon i matmangel: Di meir og billegare brød – di større rikdom for bakaren.

«På område etter område vart det utvikla stordrift og såkalla «imperfekt konkurranse» – marknadsmakt som gav vekst både i forteneste, løningar og skatteinntekter.»

Eg møtte Reinert i mars, kort etter ein tur til Odda. Der hadde eg høyrt om bønder som hadde gått i årviss tralt i hundre generasjonar og visst at rikdom hadde å gjere med dekar, mål og arverett. Men så – i 1906 – vart dei brått overfløymde av arvelaus slusk utan så mykje som eigne spett. Likevel gjekk slusken der etter berre to års tunneldrift, og sprada med tjukkare pengebok enn sjølve storbonden i Ullensvang.

«Produktiviteten i industrien veks dramatisk når han er ny. Det er denne rikdomen som forplantar seg utover dei sektorane som ikkje er og ikkje kan bli industrielle.»

Me ser føre oss frisørdama i Odda. Ho kan nok klippe litt fortare – men utan å standardisere alle skallar og fjerne alle øyre kan ho aldri industrialisere.

«Men sidan både arbeidar og direktør må klippe seg, får ho del i inntektsauken, frisørdama òg.»

Og der ligg det svaret på spørsmålet frå søppelfyllinga i Lima. I eit industrialisert samfunn forplantar verdiskapinga seg til ikkje-industrielle sektorar. I eit samfunn utan industri kan du godt ha rikdom – men sjeldan hos sjauarar, bussjåførar, restaurantarbeidarar eller dei som arbeider på søppelfyllingar.

Til Kapitel 2