Foredrag

Forteljingar frå internasjonale reportasjereisedr

Om etnisk rensing

I mars 2015 vart eg invitert til å halde eit foredrag om etnisk rensing for Rotary i Flekkefjord, Det er eit tema som har opptatt meg sterkt i mange år, særleg etter reportasjereiser på Balkan og i SentralAfrika i 94-96.

Oppdraget i Flekkefjord vart ei påminning om kor viktig dette temaet er. Eg snakkar gjerne om det andre stader og.

Eg laga denne versjonen av ein av dei forteljingane eg bygger foredraget rundt. Den var publisert i i Fædrelandsvennen i desember 1995. Eg hadde reist til Rwanda saman med fotograf Kjartan Bjelland for å finne historia attom eit fotografi som kom inn til redaksjonen i Fædrelandsvennen den hausten.

Foredrag om romanen "Til minne om Linda"

"Sanninga, indifferensen og gneisen i botnen."

I november 2013 skal eg boklansere min fyrste roman, ”Til minne om Linda”. Den handlar om dramatiske hendingar som skakar opp ein by gjennom tre vinterveker, og ein forteljar som strevar med å forstå kva som eigentleg hende.

Eg arbeider no med eit foredrag til lanseringa på Stiftelsen Arkivet den 12. november. Det skal peike ut noko av det eg gjerne vil seie med forteljinga. Dette foredraget eller seinare versjonar av det, vil eg gjerne halde fleire stader. Ta kontakt - eller send meg gjerne tips om arrangørar som kan vere interesserte

Ein synoptisk versjon av foredraget ser slik ut:

Innhald: Etter ei kort forteljing om korleis bokprosjektet vaks ut av ei skuldkjensle, vil eg reflektere rundt tre hovudelement i forteljinga:

  • Kampen om sanninga fyller tida og gir meining til liva for svært mange i byen det er tale om. Ein bibliotekar forvaltar han, ein journalist spissar han, ein kommunikasjonsrådgjevar freistar å styre han og ein draumar gjer han om frå botnas. Fordomar og myter vert dyrka både i lukka grupper og opne media. Mange små handlingar i beste meining vert til flaumdrag mot katastrofen. Og etterpå er alle på eit vis partar i saka. Kva er kampen om sanning og ytringsfridom i ein by der autoritetar knapt er synlege – men der fundamentalistar kan drepe for skuldingar offeret aldri har høyrt om?

  • Indifferent likevekt er eit omgrep frå fysikken som vert sentralt hos forteljaren. Han meiner at det forklarar ein tilstand som samfunnsvitarane enno ikkje har oppdaga, til dømes dette: Så lenge eit fleirtal i ein by reknar seg som tilskodarar, utan ansvar for det som hender, vil eit mindretal vere valdeleg undertrykte. Og utan motstand vil draumar, fordomar, myter og konspirasjonsteoriar vekse til og over kanten på katastrofen. Kven er då utan medskuld?

  • Gneisen i botnen: Trass i katastrofen har det vore mi meining å lage ei optimistisk forteljing. Linda og dei andre som gir liva sine, gjer det ikkje til fånyttes. Dei tvingar fram ei erkjenning – i alle fall hos forteljaren: ”Eg skal halde høgt det eg trur hadde blitt kjernen i bodskapen om ho sjølv hadde rukke å skrive eit testamente til menneskeslekta: Bry deg – og la ikkje angsten rå” – ”Linda fekk meg til å forstå at det er angsten som ligg under indifferensen og gjer han farleg, angst for det ukjende, for løynde samansverjingar og framande folk. Og Linda viste meg at mot byggjer glede, venskap, sanning og venleik.”

Lengde vil kunne varierast mellom 20 til 60 minutt. Helst vil eg ha 45 minutt.

Debatt: Eg trur at ein eventuell debatt etterpå vil vere vellukka i reflekterande samtaleform. Men om De skulle ynskje ein meir spissa og konfronterande debatt, kan eg og spisse foredraget.

Honorar: I utgangspunktet ynskjer eg kr. 3.400,- for eit slikt ikkje-originalt foredrag. Men for meg er det viktigare å få forteljinga ut enn pengar inn. :-)

Kontakt: bjorn@enes.no