Kurs og rettleiing

Bildet er frå eit kurs om munnleg historie på Vest-Agder,Museet i 2019. Foto; Arne M. Lindvig

Eg elskar å halde kurs om munnleg historie. Deltakarane er alltid menneskje med stor interesse for samfunnet, historia og andres livserfaringar. Derfor har alle dei etterkvart mange kursa eg har halde landet rundt, blitt varme minne. Kvar gong eg har halde kurs på ein ny stad, har eg fått lyst til å flytte dit.

Vanlegvis held eg kurs i regi av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Kurs om munnleg historie og forteljekunst held eg normalt i regi av Jakob Sande senter for forteljekunst i Dale, Fjaler. (Bildet er frå kurs på Tingvoll museum 2018)

Minnesamling:

Dette kurset er i utgangspunktet to heile kursdagar og eit oppfylgjings webinar. Det går djupt inn på kva munnleg historie er for noko, og det særskilte med munnleg historie intervju. Ofte blir det kombinert med fleire intervjudagar som oppstart av ein serie. Meir

Munnleg historie og forteljekunst

Dette kurset er under utvikling som ein del av Jakob Sandesenteret sitt sommarakademi i juni kvart år. Det handlar om formidling av munnleg historie for publikum, i format som attforteljing, forteljarpanel og scenisk forteljing. Sjå kursopplegg under utvikling

Prosjektkurs:

Dette er berekna organisatorar av større munnleg historie innsamlingar .Samarbeid mellom profesjonelle og frivillige er ein sentral del av kurset.

Livshistoriekurs:

Dette er berekna på deg som vil fortelje livshistoria og dele livserfaringar - enten du tenkjer på å skrive bok eller nye, digitale media. Ingen forkunnskap krevst. Les meir.

Tidlegare kursoppdrag:

Eg har likt å gjennomføre kurs heilt sidan eg var studieleiar i Vest-Agder AUF langt tilbake på 1960-talet. Dei siste 20 åra har eg arbeidd mest med kurs om har handla om journalistikk, munnleg historie og - fyrst og fremst - praktisk intervjuarbeid.

Eg har vore særleg heldig under oppbygginga av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, frå 2015. Der har eg fått reise over heile landet for å treffe folk som delar mine interesser for høyra på folk.

Ta gjerne kontakt!

Kurs er som tau: Det har inga bestemt lengde - i alle fall ikkje før ein veit kva det skal brukast til.

Ein time: Er det snakk om berre ein time, er det vel meir eit foredrag det er snakk om. Men det kan absolutt ha sin misjon - for eksempel som invitasjon i plenum til eit grundigare kurs for dei som er spesielt interesserte.

Ein halv dag: Dess lengre tid vi har, dess meir tid har vi til interaksjon og samtale. På halvdags kortkurs om munnleg historie har vi tid til gjennomgang og spørsmål (men lite diskusjon) om: Kva er "historie nedanfrå"? Etikk, prosjektførebuing, litt teknikk og utstyrsval, litt om intervju, litt om etterarbeid / dokumentasjon, litt om arkivering og avlevering og litt om formdiling / bruk av munnleg kjeldemateriale.

Dagskurs: Same innhald - men tid til å gå grundigare og meir konkret inn på det som er særskilt interessant for deltakarane. Og betre tid til samtale.

"Full kurspakke": Eg har veldig stor sans for kurs over to dagar pluss eit oppfylgjingswebinar nokre veker etterpå. Halve den fyrste dagen brukar eg å ha ein grundig samtale om kva munnleg historie er for noko og kva for innsamlingsprosjekt som kan vere interessant for deltakarane. Deretter gjennomfører eg eit intervju med ein person som arrangøren har valt ut - veldig gjerne i samarbeid med ein intervjuar frå arrangøren. Resten av kursdeltakarane er observatørar under dette fyrste intervjuet.

Gjennom heile dag to brukar vi så denne felles intervjuerfaringa som eksempel, når vi går gjennom alle tema som er nevnte over (Intervju, etikk, teknikk og utstyrsval, prosjektførebuing, etterarbeid / dokumentasjon, arkivering og avlevering og formidling / bruk av munnleg kjeldemateriale). Aller best erfaring har eg med at kurset munnar ut i konkrete innsamlingsplanar. Då blir eit oppfylgjingswebinar (eller fysisk kursdag 3) for å utveksle erfaringar både nyttig og vellukka.