"Det tamilske Bergen"

Invitasjon til arrangement

i Det Vestnorske Teateret torsdag 15. september 2022 kl 19!

Memoar og Det Vestnorske Teateret samarbeider om arrangementsserien "Det store vi" i Skifte - intimscena til Det Vestnorske Teateret i Bergen. Idéen med serien er at ulike "immaterielle bydelar" i Bergen skal vere tema for samtalar og kulturinnslag. Torsdag den 15. september2022 er temaet "Det tamilske Bergen". Programleiar blir Bjørn Enes - og den planen han arbeider med ser slik ut (blir oppdatert etter kvar som detaljane kjem på plass)

Torsdag 15/9

kl 18:30: Dørene blir opna. Adresse: Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen


19:00: Forteljarpanel - samtale mellom personar som har bidratt til å samle munnleg historie om det tamislke Bergen.

Samtale 1 med Nichola Stephen: Om å vere ung, tamilsk bergenser.


Samtale 2 med Dhayalan Velauthapillai og Macwin Yogendran: Om vere foreldre til to-kulturelle born og unge. Litt om krig og flukt, litt om tamilsk historie og kultur.


Samtale 3 med Baheerathy Kumarendiran: Om å ta vare på diaspora-historie. Litt om arbeidet med Tamilsk Diaspora Arkiv


Ca. kl. 20 - kort pause


20:15 - Kulturinnslag: Konkrete innslag blir oppdaterte så snart avtalane er på plass.

  • Fyrste dansenummer av Nichola G. Stephen, saman med Melinda og Akshaya frå Annam Dance - , .

  • Fyrste tale - om å leve i to kulturar, av Salvi Mohaneswaran .

  • Song av Abinaya Tharmalingam (9 år)

  • Andre tale - om tamilsk historie og språk - av Arush Ramesh (13)

  • Andre dansenummer av Nichola G. Stephen, saman med Melinda og Akshaya frå Annam Dance


ca: 21:00 - slutt.

Alle er velkomne til arrangementet - vi håpar at det blir ei blanding av alle slags bergenserar, med eit særleg tydeleg innslag av tamilske bergenserar denne dagen!


Forslag? Kontakt Bjørn Enes - post@bjornenes.no eller leiar av Det store vi - Mariela Norheim mariela@memoar.no

Dhayalan Valauthapillay

Baheerathy Kuramendiran

frå DiasporA Tamil Archive