Nettadressa til Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie -er
Utover i 2025 kjem større og større del av arbeidstida mi til å handle om 100-årshistoria til mi gamle fagforeining. Boka om Nikkelverkets Arbeiderforening skal vere klar til jubileumsdagen 26. juni 2027. Faktisk er historia minst 12 år meir enn 100 år, Raffineringsverket starta i 1910, og foreininga blei fyrst stifta som avdeling av Norsk Arbeidsmandsforbund i 1915. Fyrste namn var "Samhold". Det var ikkje så rart at organisasjonsarbeidet gjekk i stå etter verkskonkursen og all ura i 1921, I juni 1927 starta foreininga opp at, nå som del av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund.
Foreining og forbund har skifta namn ei rekke gonger - siste gong hausten 2024 då forbundet tok namnet "Styrke". "Frå samhold til styrke" er ein god kandidat til boktittel. Men ingenting bestemt ennå!
Har du ting å fortelje om slektingar som var med i Arbeiderforeininga eller som arbeidde på Nikkelverket mellom 1910 og 1950? Då vil eg gjerne ha kontakt!!
Har du bilde frå fabrikken? Då vil eg også veldig gjerne ha kontakt!
Skriv til post@bjornenes.no - så snakkast me!
Hei! Eg heiter altså Bjørn Enes, og er frilansjournalist. Sidan 2015 har eg i all hovudsak arbeidd med å bygge opp organisasjonen Memoar (www.memoar.no). Men frå mars 2025 er eg ikkje lenger dagleg leiar, og litt etter litt skal eg frigjere meg frå administrativt arbeid og konsentrere meg om produksjon av munnleg historie og journalistikk.
Ved sida av Memoarprosjektet Migrasjonsminne er planen to bokprosjekt i 2025 og -26. Det eine er nevnt over - det andre skal eg nevne om litt. Eg har tenkt å halde på lenge ennå - så ta gjerne kontakt om idéar og sasmasrbeidsforslag!
Eg vil fyrst og fremst halde fram i arbeid med Intervjuseriar saman med Memoar og historielag, abm-institusjonar, forskarar eller andre over heile landet. Munnleg historie er erkjenninga av at kjeldeintervjuet - det fyrste leddet i den journalistiske arbeidsprosessen - har eigenverdi og er bevaringsverdig. Eg kan ta oppdrag innan intervju, dokumentasjon og publisering. Eg vil også ta på meg kurs og rettleiingsoppdrag for musé og frivillige.
Dei andre ledda av journalisten og forfattaren sitt arbeid interesserar meg og - å lage mine eigne forteljingar om det eg opplever som intervjuar, og refleksjonane mine rundt det. Atforteljing av intervju - slik som i eksempelet "Forteljinga om Kjellaug" - nedanfor, er eitt format. Forteljepanel er eit anna. Tradisjonelle litterære tekstar er eit tredje.
Avhengig av tid og interesse, arbeider eg også med:
Eg vil prioritere arbeid med Forteljekurs om å formidle livshistorie og livserfaring, kurs i kvalitativt intervju og kurs om å organisere intervju-seriar og minneinnsamlingar.
Portrettintervju, biografi, levd historie, jubileumsbøker. Eg vil bidra i den faglige diskursen om munnleg historie i Norden, og eg vil praktisere kunsten å fortelje, munnleg og skriftleg.
Gjennom eit mangfaldig liv har eg samla nok gode og dårlege erfaringar og kunnskapar til å kalle meg klok. Det delar eg gjerne i arbeid med store og små kulturstrategiar.
Eg samarbeider gjerne med fotograf/produksjonsselskap igjen. Mine bidrag blir i så fall research, manus, finansiering, intervju og planlegging av produksjon og redigering
Ingen av oss veit korleis framtida blir. Men planar kan vi jo legge.
Eg vedgår at eg nå har passert 70 år. Men eg har ingen planar om å trappe ned. Så ikkje ver redd for å hive fram idear som me kan utvikle saman!
Eg kjem til å ha base i Bergen også framover, men eg kjem til å jobbe over heile landet.
Epost er beste måten å ta kontakt med meg direkte - skriv til post@bjornenes.no. Eller til bjorn@memoar.no
Eg har elles tel 41516745 - og postadressa er Nordbøveien 16, 5009 Bergen
Sandviken, Bergen, 30/10-2022